5244 Fana, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat som programfaglærer på Sal, service og reiseliv
Oppstart
24. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 17. august
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 190 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Vi søkjer etter ein vikar som kan undervise i
programfaget forretningsdrift på Sal, service og reiseliv frå 25.08.25 - 15.12.25. Moglegheiter som vikar –og timelærer kan komme i forlengelsen av perioden
Arbeidsoppgåver
Undervisning i forretningsdrift vg1/vg2
Tett oppfølging av einskilde elevar
Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling
Skape og gi ei praksisnær undervisning
Kvalifikasjonar (overskrift)
Yrkesfagleg bakgrunn innan sal, service og reiseliv
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Pedagogisk utdanning
Gjerne fagbrev eller anna relevant utdanning innanfor sal, service eller reiseliv
Evne til å tilretteleggje og differensiere læringsarbeidet slik at elevar meistrar
God evne til å formulere seg skriftleg og munnleg på norsk
Vere ein god lagspelar, og bidra positivt i profesjonsfellesskapet
Du trivst i dialog med elevane og har evne til å byggje gode relasjonar med elevar og kollegaer
Du er fagleg dyktig og engasjert
Du har evne til å reflektere over eigen praksis og leitar etter å utforske nye måtar å organisere opplæring på
Du har gode samarbeidsevner
Du "ser" menneske, og er oppteken av likeverd og inkludering
Du har vilje til å utvikle deg fagleg og didaktisk, vere utprøvande og utforskande i samarbeid med andre lærarar og medarbeidarar
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Tine Omdal Laskemoen, avdelingsleiar, 99716796
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5000626502
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 25.08.2025
Sluttdato: 15.12.2025
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Tine Omdal Laskemoen
avdelingsleiar
99716796
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Annonsedata
Stillingsnummer
3944006e-bba0-4bc7-8423-970a45e6775b
Hentet fra
talentech
Referanse
88b2aba442064c52bf969f67629ed735
Report job