Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
butikkmedarbeider
ledige stillinger i
16 år
renholder
ergoterapeut
radiograf
ingeniør
for ungdom
under 18 år
helsesekretær
Oslo
Akershus
Vestland
Rogaland
Sandefjord
Troms
Kristiansand
Porsgrunn
Agder
Apply

Vil du bli vår nye skipsmotormekaniker?

Fjord1
Norge
Full time
2 uker siden

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga


Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 søkjer etter ein skipsmotormekaniker som kan styrke vårt team i sambandet Arsvågen - Mortavika, p.t. MF Mastrafjord.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
  • Fleksibel Turnus: Sjøvakt - 2 uker på, og 2 uker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Reisekostnader til og fra arbeid blir dekt av selskapet.

Oppstart i turnus

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

03.07.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Rennesøy, Føresvik

Stillingstittel:

Skipsmotormekaniker i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4986805779

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Gjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste)
  • Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld stillinga
  • Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med «Alarminstruks»
  • Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr
  • Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord
  • Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift

Kvalifikasjonar

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdighetssertifikat motormann/skipsmotormekaniker
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språk muntlig og skriftlig

Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

    Vi søker ein dyktig skipsmotormekanikar med erfaring frå vedlikehald og reparasjon av fremdriftsmaskineri og hjelpemotorar. Du bør ha fagbrev som motormekanikar eller tilsvarande, teknisk forståelse og evne til å jobbe sjølvstendig. Gode samarbeidsevner og sikkerhetsbevisstheit er viktig. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Sjøvakt: 2 veker på, 2 veker av.
  • Fjord1 dekkar reisekost til/frå arbeidsperiode.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordninar.



Adresse:
Mortavika Fergekai, 4150 Rennesøy, Norge

Arsvågen Ferryport
E39
5561 Føresvik
Norge

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 47995295

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Vil du bli vår gode kollega i vår hyggelig nabolagsbutikk i Oslo sentrum ?

Coop Norge
Oslo
Vi har ca. 2600 ansatte og 120 butikker i de 5 fylkene Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud og Innlandet med hovedkontor på Kolbotn i...
4 uker siden

Vil du bli vår nye overstyrmann?

Fjord1
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
2 uker siden

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Fjord1
Vestland
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport Gjennom kontinuerleg utvikling...
2 uker siden

Vil du bli vår nye cateringmedarbeidar?

Fjord1
Norge
Vi søker en serviceinnstilt og fleksibel cateringmedarbeider som brenner for gode kundeopplevelser, pågangsmot og positiv...
2 uker siden

Vil du bli vår nye ambulerande maskinsjef?

Fjord1
Vestland
Er du klar for å bli ein del av den største miljøsatsinga innan maritim transport? Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det...
2 uker siden