Har du lyst på ein spanande jobb som kan gjere kvardagen lysare for andre i Fjord kommune?
Hovudmålet med ei aktivitetskontakt er å gje den enkelte ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv. Ei aktivitetskontakt hjelper å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk. Både born, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan trenge aktivitetskontakt. Personen sine ønsker, draumar og behov skal vere i fokus. Det å vere aktivitetskontakt skal vere givande og kjekt, samtidig som du gir eit forsvarleg og godt tilbod. Det kan vere turar, besøk heime eller på kafe, kino, svømming, trening, bibliotek, og mykje anna.
Eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke. Løn etter timesatsar, og køyregodtgjering i oppdraget kan avtalast med forvaltningskontor etter individuell vurdering.
Det blir kravd godkjent politiattest for å bli aktivitetskontakt, og du har teieplikt.
Du får nødvending rettleiing. Dette er viktig både for eigen trivsel og kjensle av å meistre oppdraget, samt kvalitet i tilbodet.
Søknader vert behandla fortløpande
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
28.09.2025
Arbeidsgivar:
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Stad:
VALLDAL
Stillingstittel:
Aktivitetskontakt
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
5000643978
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Vere med brukar på aktivitetar
Fritidskontakt
Trening- og fritidskompis
Kvalifikasjonar
Fylt 16 år
Politiattest
behersker norsk godt
Bilsertifikat (ønskeleg)
Personlege eigenskapar
Stabil og påliteleg
Gode samarbeidsevner
Respekt for andre menneske
Overskot til å gje av deg sjølv
Positiv og god motivator
Ser moglegheiter istadenfor begrensingar
Vi tilbyr
Omfanget på eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke.
Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Sindre Søvik Erstad
Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd