Barneverntenesta

DeepOcean
Norge
Full time
1 dag siden
Øygarden kommune Barneverntenesta

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel

Teamleiar 100% fast

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest fredag 5. september

Vi har ledig to stillingar som teamleiar i barnevernstenesta, for tida med ansvar for undersøking

Vi søkjer ein trygg og erfaren teamleiar som trivst i leiarrolla, og som har solid barnevernfagleg forståing. Du anerkjenner betydninga av kontaktpersonane som organisasjonen si viktigaste ressurs, du motiverer, støttar og legg til rette for at kvar enkelt medarbeidar får nytte sitt fulle potensial – i møte med strenge lovkrav og krevjande faglege vurderingar. Brenner du for å sikre trygg forvaltning i menneskemøte og samtidig verdset gode rutinar og tverrfagleg samarbeid. Med fokus på kva vi sjølve kan bidra med heller enn kva andre bør gjere annleis – då er dette stillinga for deg.

I barnevernstenesta står nytenking og kontinuerleg utvikling sentralt. Dette skal gjenspeglast i kvalitetsarbeidet vårt. Vi ser stor verdi i individuell tilpassing i utøvinga av samfunnsoppdraget vårt og ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar, der fleire instansar samarbeider og deler ansvar i møte med sårbare familiar. Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child», har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen legg vekt på samarbeid, systematikk og skreddarsydde løysingar, med barnet sitt behov i sentrum.

Barnevernstenesta legg stor vekt på eit fagleg sterkt miljø, der vi leverer gode og kvalitativt sterke tenester til barn og familiar i ei lærande organisasjon. Vi vil vere stolte av arbeidet vårt, og vår grunnleggande haldning er at barn og familiar er ekspertar på eigne liv – barn skal bli høyrde og deira meiningar skal kome tydeleg fram i alle prosessar.

Arbeidsoppgåver:
Fagleg ansvar for sakane i teamet
Koordinering av teamet
Ansvar for rettleiing jf. rutinar
Ansvar for internkontroll saman med avdelingsleiar og fagutviklar
Ansvar for implementering og utvikling av rutinar og aktuell metodikk i arbeidet
Tett samarbeid med leiarteam og fagutviklar
Vere ein sentral person for å få til tverrfagleg samarbeid i kommunen

Kvalifikasjonar:
3- årig relevant høgskuleutdanning, annan utdanning vil bli vurdert.
Kjennskap til barnevernfagleg metodikk og forvaltning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Relevant vidareutdanning
Ønskjeleg med vidareutdanning innan rettleiing eller ønske om å ta dette.

Eigenskapar:
Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
Du toler høgt arbeidspress
Du evner å kunne jobbe sjølvstendig og i team

Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA verksemd
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt

Hege Gundersen hege.gundersen@oygarden.kommune.no

Mob: 93484846

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen

Hege Gundersen

+47 93484846

hege.gundersen@oygarden.kommune.no

Om bedriften
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

6e0608b7-3361-4c97-93a6-005f497c5aea

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3535825_192483_nn
Apply
Other Job Recommendations:

Barneverntenesta

DeepOcean
Norge
Har du lyst til å bidra til utviklinga av framtidas fosterheimsomsorg i Øygarden barnevernteneste? Brenner du for barnevernsfaget,...
2 uker siden

Helse- og velværeansvarlig - Skjønnhetsklinikk FLUST - Oslo

DeepOcean
Oslo
  • Klar for å hente egne kunder og bygge en lojal kundegruppe
  • Ønsker å bli en del av et voksende brand og team som heier...
1 dag siden

Vi søker malere

DeepOcean
Region Midtjylland
Siden vår grunnleggelse har vi utført en rekke oppdrag, både større og mindre, for en mangfoldig portefølje av kunder Vi er en del...
1 dag siden

Avdelingsleiar

DeepOcean
Vestland
Brenn du for å støtte ungdom i krevjende livssituasjonar? Vi søkjer deg som er trygg, fagleg sterk og klar for ein kvardag med...
1 dag siden

Rådgivar rekneskap

DeepOcean
Rogaland
Hos Helse Vest RHF får du moglegheit til å vere ein del av noko meiningsfullt og spennande Vi ønskjer at du skal ha ein karriere...
1 dag siden

MENY Magneten søker MATarbeider til ferskvareavdeling

NorgesGruppen
Trøndelag
I MENY elsker vi mat! For oss er god mat en lidenskap, og noe av det viktigste som finnes Sammen skal vi hjelpe flere å spise...
1 dag siden

Seksjonsleder Byggprosjekter

Helse Sør-Øst RHF
Sarpsborg
Er du vår nye seksjonsleder? Vi søker en engasjert og erfaren leder for en nyopprettet stilling i Teknisk avdeling ved Sykehuset...
1 dag siden

Smarthotel Tromsø trenger ny kollega på natt

DeepOcean
Troms
Vi ønsker en ny kollega som har erfaring i samspillet med gjester, gjerne fra resepsjon, gjerne hotel men ikke avgjørende. Du må...
1 dag siden

Butikkmedarbeider

DeepOcean
Haugesund
Vi trenger tilkallingsvikar i butikken vår, i høst og frem mot førjulstiden. Dine sentrale arbeidsoppgaver er: Vi leter etter deg...
1 dag siden

NAF Senter Stavanger Kvadrat ser etter biltester/mekaniker

DeepOcean
Sandnes
Vil du være med på å sikre at vi har trygge biler på norske veier? Som bilteknisk konsulent hos oss, kontrollerer du alle biltyper...
1 dag siden