Dommarfullmektig

DeepOcean
Haugesund
Full time
1 dag siden
Haugaland og Sunnhordland tingrett

Sørhauggata 80, 5522 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Dommarfullmektig

Type ansettelse

Engasjement, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 14. september

Om stillingen

Vil du ha ei stilling der du får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samstundes som du har ei viktig samfunnsrolle?

Her vil du raskt få oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Nokre dagar behandlar du straffesaker med meddommarar eller tek stilling til spørsmål om varetektsfengsling. Andre dagar brukar du til å førebu og avgjere tvistesaker om alt frå arbeidskonflikter til utlendingsrett og kontraktsrett.

Her er ingen dag lik den førre! Kvar dag møter du også ulike livshistoriar og skjebner som garantert vil gjere inntrykk på deg. Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utviklar deg kontinuerleg både som menneske og jurist.

Som dommarfullmektig arbeider du sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene. Men du blir også del av eit fellesskap med flinke og hyggjelege kollegaer som samarbeidar, støttar og deler kompetanse med kvarandre. Det er alltid ei open dør når du treng det. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt.

Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben som dommarfullmektig må du kunne setje deg raskt inn i ulike problemstillingar, ta kloke avgjerder og halde tidsrammene. Har du også hjartet på rett plass og ein grunnleggjande respekt for menneske i alle livssituasjonar, er kanskje du nettopp den vi ser etter?

Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er

Kven er du?

For å bli dommarfullmektig må du ha følgjande kompetanse:
Du må vere norsk statsborgar. Uttømmande politiattest vil bli innhenta.

Personlege eigenskapar

Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar:

Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

Vi tilbyr

Tilsetjingsvilkår etter hovudtariffavtalen i staten, med startlønn frå ca. kr 560 000,- per år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk.

Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald av menneske med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Norges domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Kontaktperson for stillingen

Frank Schmidt

domstolleiar

+4752701400

Om bedriften

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.

Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.

Haugaland og Sunnhordland tingrett rett er lokalisert i Haugesund med rettsstader i Haugesund og på Stord, Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg ein nestleiar, ein administrasjonssjef, 8 dommarar, 3 dommarfullmektigar, og 16 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes

Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista.

Sektor

Offentlig

Nettsted

http://www.domstol.no/haugaland

Annonsedata

Stillingsnummer

75af8fcb-59fb-4141-a914-a00ec574f723

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10260502
Apply
Other Job Recommendations:

Helsesekretær/sekretær

Oslo universitetssykehus
Oslo
  • Håndtere prøver som kommer i rørposten inkludert...
  • Har gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt, trives med...
1 dag siden

Vi søker ekstrahjelp/tilkallingshjelp

BYGGmax
Buskerud
Siden starten har forretningsideen til Byggmax vært at det skal være det beste og det billigste alternativet når kunden skal kjøpe...
1 dag siden

Sentral Yellow Taxi AS

DeepOcean
Oslo
Yellow Taxi AS søker sjåfører til morgen- og nattskift På vegne av vårt tilknyttede taxi selskap søker Yellow Taxi AS etter...
1 dag siden

Terminalarbeider tilkallingsvikar Førde

Posten Norge
Vestland
Vi er opptatt av at våre medarbeidere alltid skal være i utvikling, så er du interessert, er det muligheter for å utvikle deg...
1 dag siden

Nattevakt i bofellesskap i Åsane

Bergen Kommune
Vestland
  • Bidra til å skape trygghet og trivsel i beboernes hjem.
  • Bistå beboerne med dagliglivets gjøremål, slik som...
22 timer siden

Salgskonsulent - Berge

Verisure
Bergen
Selger til Bergen Er du klar for å ta salgskarrieren din til nye høyder? Har du en lidenskap for salg og ønsker en karriere der...
1 dag siden

Serviceleder

Mobile AS
Buskerud
  • Et solid konsern med sterke merkevarer og langsiktige...
  • Ha dialog med kunder underveis og avklare eventuelle...
1 dag siden

Operativ leder

DeepOcean
Oslo
Som operativ leder vil du lede det taktiske operative arbeidet og bistå i den daglige driften sammen med avsnittsleder Du vil få...
1 dag siden

Butikkselgere

DeepOcean
Akershus
Vi åpner ny VERO MODA-butikk på Oslo Fashion Outlet, Vestby i november 2025! Nå ser vi etter engasjerte og positive butikkselgere...
1 dag siden

Helsefagarbeider

Sykehuset Østfold
Sarpsborg
  • Ivareta pasientens grunnleggende behov for stell, pleie,...
  • Bruk av elektroniske meldinger i samhandling med...
1 dag siden