Sogndal kommune
Fagarbeidar/assistent - Nybø barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ledig vikariat som fagarbeidar / assistent i Nybø barnehage!
Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode buss samband mellom Sogndal sentrum og Leikanger, og Balestrand og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.
Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø.
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.
Barnehagen har 16 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar / assistent, som er relasjonssterk og inkluderande til ein velfungerande barnehage.
Stilinga:
- Fagarbeidar/assistent, 100% vikariat 01.09.2025 - 31.07.2026
Arbeidsoppgåver:
- sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- personalressurs og drift i barnehagen
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar:
- Barne- og ungdomsarbeidar
- ufaglærte med relevant praksis kan og søke
- gjerne arbeidserfaring frå barnehage
- beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar:
- positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
- evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer
- likar å arbeida i lag med andre
- taklar høgt tempo i kvardagen
- fyrstehjelpskompetanse
- godt humør
- leiken og aktiv
- taklar høgt tempo i kvardagen
Me tilbyr
- ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
- engasjerte og støttande kollegaer
- leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest krevst for stillinga
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage
Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar i Nybø barnehage, Veronika Gjermo, tlf 47666678 / e-post: veronika.gjermo@sogndal.kommune.no
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
22.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6317186Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
22.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6317186