Fastleger/Allmennleger i spesialisering

Haugesund kommune
Haugesund
Full time
1 uke siden

Om stillingen

Haugesund er det største regionsenteret mellom Stavanger og Bergen med omlag 38 000 innbyggarar. Byen har eit omland rikt på variert natur og gode rammer for friluftsliv av alle slag . I tillegg tilbyr byen og omegn eit variert kulturtilbod med mellom anna ei mengde festivalar, flott kinobygg, teater, bibilotek, idrett med meir. Ellers er Haugesund lokasjon for Sjøfartsdirektoratet. Ellers finnes gode barnehage- og skuletilbod og vidaregåande skular med stor variasjon i studieretningar.

Haugesund har ellers det største akuttsjukehuset mellom Stavanger og Bergen - Haugesund sjukehus Helse Fonna. Ein liten kilometer i srleg retning ligg Haugesund legevakt som dekker 9 kommunar med eit folketal på omlag 90 000. Det er til ei kvar tid 2 legar på vakt (ein har bakvakt på natt), saman med dyktige og erfarne hjelpepersonell.

Haugesund kommune administrere per i dag 40 fastlegeheimlar med 44000 listeplassar - fordelt på 9 legesentre. Listetalet gjenspeglar at byen er eit regionssenter og med det tildreg seg mange arbeidspendalarar frå omliggjande kommunar og som også vel fastlege der dei arbeider.

For å kunne auke tilgong på ledige listaplasser på fastlegelistene finn me det naudsynt å utvide med fleire fastlegeheimlar, og som kan lokaliserast ved Bylegane legekontor i hjarte av byen o næraste nabo til Haugesund folkebibliotek. Listene vert tilrettelagt for ALIS-avtale.

Bylegane legekontor er drifta av dyktig spesialist i allmennmedisin og med master i rettleiing , som etter å ha flytta legepraksis til lyse, velfungerande lokaler med utsyn over byen ynskjer å utvide kollegiet til ein grupppraksis på til saman fire legar.


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
11.08.2025
Arbeidsgiver:
Haugesund kommune
Sted:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Fastleger/Allmennleger i spesialisering
Stillinger:
1
Heltid / Deltid:
Heltid
Ansettelsesform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4996722755
Del på X
Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgaver

  • for fastlegar gjeld primært oppgåver som inngår i ein fastlegepraksis slik som undersøking, diagostisering, samtale, rettleiing av pasient
  • samarbeid med andre legar, deltaking i ansvarsgrupper
  • fastlegane er plikta til å delta i legevakt og grunna god fastlegedekning er vaktebelastninga for Haugesunds-legane begrensa til maks to per månad.
  • fastlegene må ellers påregne å delta i kommunalt legearbeid i inntil 20% stilling ved behov.

Kvalifikasjoner

  • du må ha norsk autorisasjon som lege
  • du må ha fullført og fått godkjent LIS1-teneste både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta
  • du bør ha relevant erfaring frå sjukehus, allmennpraksis og arbeid ved legevakt
  • norsk er arbeidsspråk i Haugesund kommune og du snakkar, les og skriv så godt norsk at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • det er krav om godkjent politiattest for tilsetjing i stillingane
  • du må ha førarkort for personbil i samband med arbeid ved legevakt

Personlige egenskaper

  • Du må vere engasjert og ha genuin interesse for å arbeide med menneskje
  • du evnar å jobbe både sjølvstendig og tverrfagleg
  • du evner å arbeide under høgt press og å handtera krevjande situasjonar
  • du er medviten eigne haldningar og verdiar og møter pasientane med grunnleggjande respekt
  • du bidreg positivt i arbeidsmiljøet i kollegiet
  • personleg egnaheit til stillinga vil bli høgt vekta

Vi tilbyr

  • du vil verte ein del av eit kollegium i utvikling og med tilgong på høgt kvalifisert praksisrettleiar
  • arbeid der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling
  • som ALIS får du gode rammevilkår for å auka kompatense og rettleiing
  • ALIS i allmennpraksis startar fyrste året med fastløn kombinert med mogleik for insentivløn/bonusløn
  • Praksiskompensasjon ved fråvær sjuke barn
  • du får høve til å starte med listetak på omlag 650-700 innbyggjarar som etter 6 månader gradvis vert auka til 1000 innbyggjarar
  • etter eit år gjeld overgong til sjølvstendig næring eller alternativ 8.2-avtale
  • Haugesund kommune har gode og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar



Adresse: Rådhusgata 66, 5528 HAUGESUND, Norge

Åpne veibeskrivelse

Kontaktinformasjon

Tone B. Steinsvåg
virksomhetsleder Helse og forebygging
Telefon: +47 913 82 501

Om arbeidsgiveren

Haugesund kommune bygger sin virksomhet på verdiene åpen, ærlig, raus og troverdig. Byen Haugesund er et regionssenter for 100 000 haugalendinger og er en av Norges fremste handelsbyer og skipsfartsbyer. Bykommunen med i overkant av 38 000 innbyggere byr på festivaler og kulturarrangement gjennom hele året for alle aldersgrupper.

Haugesund kommune er opptatt av mangfold, og vi oppfordrer kvalifiserte kandidater til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Apply
Other Job Recommendations:

Fastlege - Revetal legekontor

Tønsberg kommune
Vestfold
Deltakelse i legevaktordning ved Tønsbergregionen legevakt Spesialistutdanning i allmennmedisin med inngåelse av ALIS-avtale og...
1 uke siden

Fastlege ved Sagene allmennklinikk

Oslo kommune
Oslo
  • Samarbeidet med bydelen vil være styrt av Rammeavtalen...
  • Det er pliktig deltagelse i kommunal legevakt organisert...
1 uke siden

Ledig stilling som fastlege i Nome kommune

DeepOcean
Telemark
Det er en ledig stilling som næringsdrivende fastlege på Nome legesenter Legepraksisen ligger på Nome Helsesenter sentralt på...
3 dager siden

Fastleger/Allmennleger i spesialisering

Haugesund kommune
Haugesund
  • Du har ønske om kontinuitet i kontakt med dine pasienter og...
  • Du er systematisk, strukturert og har høy faglig integritet...
1 uke siden