Om stillinga
Eining Habilitering avdeling Stemhaugen bueining, ligg midt i Sveio sentrum. Stemhaugen bueining er ein døgnbemanna bustad for personar med utviklingshemming med samansette behovsutfordringar. Me treng no ein helsefagbeidar i fast stilling på natt, 65,7%. Hos oss vil du jobbe tett i team med flotte kollega. Er du utadvent, sosial og kan fungere godt i eit lite team, vil dette være ein stilling som passar for deg. Stillinga har 7 netter à 10 timar per 3 vekers turnus. Stillinga har arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er knytt opp til tenester til personar med varierande grad av hjelpebehov
- Tilsyn og hjelp etter individuelle behov
- Miljøarbeid etter tiltaksplanar
- Du bistår og rettleiar i situasjonar som opplevast som vanskeleg for brukar
- Bidrar til at brukar behov på natt vert fulgt opp på ein fagleg forsvarleg måte
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriv så godt norsk at du kan både samarbeide med andre og utøve arbeidsoppgåvene sjølvstendig
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, kunne ta trygge avgjersler i enkeltsituasjoner
- Lojal, punktleg og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Fleksibel og kunne være løysningsorientert i travle perioder
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn i henhald til gjeldande avtalar
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP - frå løna vert det trekt 2%
Om Sveio kommune
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Spørsmål om stillinga
Peer Cato Sjursen
Avdelingsleiar Stemhaugen bueining / Straumøy bueining
+4794164806
peer.cato.sjursen@sveio.kommune.no
Evy Vihovde Kjellevold
Einingsleiar Habilitering
+4797530041
evy.v.kjellevold@sveio.kommune.no
Søknadsfrist
25. august 2025
Arbeidsgivar
Sveio kommune
Kommune
Omfang
Heiltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad