Helsefagarbeidar

Sogndal kommune
Vestland
Full time
3 uker siden

Sogndal kommune

Helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar på sjukeheimen og håpar du vil bli vår nye kollega.

Som helsefagarbeidar på Leikanger sjukeheim blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.


Leikanger sjukeheim ligg i same bygg som heimetenesta, og ligg også i tilknyting til legekontor og fysio/ergoterapitenesta. Noko som gir eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til bebuarane og brukarane våre. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

Om stillingane

Leikanger sjukeheim har ledig følgjande stilling:

  • Helsefagarbeider 100% vikariat frå 01.09.25 i eitt år.
  • Helsefagarbeider 70% vikariat frå 01.09.25 i eitt år.

Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er mogeleg å legge til rette for langvakter med 4. kvar helg.

Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane.


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
  • Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens og geriatri/psykiatri.
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Er løysingsorientert og positiv
  • Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som helsefagarbeidar
  • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
  • Er ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.


Me tilbyr

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6305453
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6305453
Apply
Other Job Recommendations:

Ledig vikariat som helsefagarbeidar ved rehabiliteringsposten

Helse Fonna
Region Midtjylland
  • Som helsefagarbeidar ved rehabiliteringsposten får du...
  • Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga...
1 uke siden

Helsefagarbeidar - natt

Sveio kommune
Region Midtjylland
  • Stillinga er knytt opp til tenester til personar med...
  • Du bistår og rettleiar i situasjonar som opplevast som...
1 uke siden

Helsefagarbeidar ved Vik sjukeheim - vikariat

DeepOcean
Agder
Stillinga er ledig frå 01.10.25 og i eitt år, med mogelegheit for oppstart før om det er aktuelt. VHO er inne i siste byggetrinn,...
1 uke siden

Helsefagarbeidar

Sogndal kommune
Vestland
  • 80% vikariat i todelt turnus på helsetunet ledig frå d.d
  • 90% vikariat i todelt turnus på helsetunet frå snarast til...
3 uker siden

Helsefagarbeidar- Heimetenester

Ørsta kommune
Møre og Romsdal
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold...
  • Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og...
3 uker siden

Helsefagarbeidar helgestillingar på natt - Husnestunet/Halsnøytunet

DeepOcean
Vestland
Halsnøytunet og Husnestunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg,...
2 uker siden

Lastebilsjåfør/brøyter søkes snarest

DeepOcean
Norge
Lian Anleggservice AS er en bedrift med base på Hitra i Trøndelag og tar små og store oppdrag langs hele Trøndelagskysten.Med...
4 dager siden

Helsefagarbeider i omsorgsteam

Bergen Kommune
Bergen
  • Gjennomføre oppdrag i henhold til tildelt arbeidsliste
  • Være primær-/sekundærkontakt og utføre oppgaver i tråd med...
  • ...
3 dager siden

MAS Fluid Control AS søker ny medarbeider i Ulsteinvik.

DeepOcean
Møre og Romsdal
MAS Fluid Control AS (MAS) søker Service tekniker / montør I Ulsteinvik Du vil være tilknyttet MAS sitt hovedkontor i Sandvika,...
4 dager siden

Lagermedarbeidere

DeepOcean
Akershus
Beskriver dette deg?Vi er på utkikk etter nye kollegaer som trives i et aktivt og hektisk arbeidsmiljø Du har pågangsmot og et...
1 dag siden