Kontaktperson

Sunnfjord kommune
Vestland
Full time
4 dager siden

Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har om lag 22 400 innbyggarar, og vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.

Vil du vere med å leie barnevernet sitt mottak- og undersøkingsteam?

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som kontaktperson, med eit vikariat som teamleiar for undersøkingsteamet ut juni 2026. Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariatet som teamleiar. Vi søker deg med solid erfaring frå barnevernsfeltet og med eit ynskje om å bidra til god leiing, utvikling og samarbeid i undersøkingsteamet og på tvers av teama i tenesta.

Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og er organisert etter ein spesialistmodell. Tre sakshandsamingsteam: mottak/undersøking, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar. Som teamleiar vil du bli ein del av det utvida leiarteamet, og jobbe tett saman med barnevernleiar, assisterande einingsleiar og teamleiarar. Vi har fokus på fagleg kvalitet og har difor støtteordningar for relevante vidareutdanningar.

Arbeidsoppgåvene til driftskoordinator/teamleiar:

  • delta i tenesta sin faste møtestruktur for leiing, faglege drøftingar og avgjersle
  • ansvar for å drifte mottak og avklaring av bekymringsmeldingar i samarbeid med assisterande einingsleiar
  • ansvar for barnevernet sin meldingstelefon for drøfting av bekymringsmeldingar
  • leie teammøte kvar veke
  • godkjenne undersøkingsrapportar og vedtak
  • ha overordna ansvar for
    • fordeling av saker i teamet
    • framdrift og struktur i undersøkingane i samarbeid med kontaktpersonane
    • forsvarleg drift ved fråvær i teamet
    • oversikt over teamet sitt arbeid, oppgåver, rutinar og malar
    • fagleg utvikling i teamet i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • individuell saksrettleiing av kontaktpersonane kvar veke, og vere ein drøftingspart for tilsette i teamet ved behov
  • delta i interkommunal barnevernvaktordning
  • superbrukarfunksjon i fagsystemet
  • bidra til heilskapleg innsats rundt barn og unge i tråd med samhandlingsmodellen BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats)

Teamleiaroppgåvene tilseier at ein har få eigne saker, slik at ein er lett tilgjengeleg for kontaktpersonane ved behov og kan tre inn ved fråvær.

Kvalifikasjonar:

  • bachelor i barnevern eller sosialt arbeid, men andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle
  • gjerne vidareutdanning retta mot arbeid i barnevernet
  • førarkort klasse B

Vi søker deg som:

  • evne til å handtere uavklarte situasjonar og samtidig kunne jobbe målretta og systematisk
  • evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt vise initiativ
  • vise fleksibilitet og kreativitet i arbeidet med barn og familiar
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kunne handtere periodar med stor aktivitet og tilhøyrande fristar

Vi tilbyr:

  • eit leiarteam som gir god støtte til utviklingsarbeidet
  • moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • gode pensjonsordningar

Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

Apply
Other Job Recommendations:

Kontaktperson

DeepOcean
Innlandet
Er du opptatt av å gjøre en forskjell for barn og unge, og ønsker deg givende og spennende oppgaver? Solør barneverntjeneste er en...
1 uke siden

Kontaktpersoner

Stavanger Kommune
Rogaland
  • Saksbehandling etter lov om barnevern og forvaltningsloven...
  • Dokumentasjon i henhold til journalplikten, blant annet...
5 dager siden

Kontaktperson med utvidet fagansvar i undersøkelsesavdelingen

Drammen Kommune
Drammen
Har du lyst til å jobbe som kontaktperson med utvidet fagansvar i vår undersøkelsesavdeling? Les videre! Blir du motivert av å...
5 dager siden

Kontaktpersoner til tiltaksteam og omsorgsteam

Horten kommune
Vestfold
Barneverntjenesten i Horten er en utviklingsorientert tjeneste som setter barnet i fokus Barneverntjenesten i Horten deltar på en...
1 uke siden

Kontaktperson i barneverntjenesten

Sandefjord kommune
Sandefjord
  • Være barneverntjenestens representant eller vitne i...
  • Delta i saksgjennomgang, veiledning og annen kompetanse- og...
2 uker siden

Sakshandsamar/kontaktperson

DeepOcean
Vestland
Utføre oppgaver i tråd med internkontroll og retningslinjer. Være barnevernstenesta sin representant eller vitne i Barneverns- og...
1 uke siden

Kontaktpersoner til barnevernstjenesten kommune

Ullensaker kommune
Akershus
  • Saksforberedelser for barneverns- og helsenemnda, samt...
  • Ønskelig med videreutdanning og/eller master i barnevern...
2 uker siden

Bli en del av Norges beste salgsteam - Vi søker en kunde- og resultatorientert nybilselger

DeepOcean
Bergen
Hos Møller Bil Kokstad har vi fokus på to ting: "folk" og "forretning" – i den rekkefølgen Og vi fokuserer på å ha både menn og...
1 dag siden

Tømmermann søkes

DeepOcean
Rogaland
Må kunne vise til erfaring og bakgrunn for å pusse opp boliger Vi er en liten bedrift som påtar seg små boligbyggeprosjekt
5 dager siden

Fleksibel jobb som intervjuer - dag og/eller kveldstid

DeepOcean
Trøndelag
Vi trenger flere telefonintervjuere med oppstart så snart som mulig - full opplæring vil bli gitt. På kveldstid foregår arbeidet i...
4 dager siden