Maskinsjef i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen

Fjord1
Region Midtjylland
Full time
2 dager siden

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen.

Attraktiv Turnus: Døgnskift med 2 veker på -1 veke av, og 2 veker på -3 veker av. Fri 3 av 4 helger.

Døgnskift gjer at ein bør bu 1 time reisevei frå sambandet.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

08.08.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Bremanger, Måløy

Stillingstittel:

Maskinsjef i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4996512485

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal sørge for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
  • Kompetanse på energileiing ihht. kompetansebehov

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Attraktiv Turnus! 2 veker på -1 veke av, og 2 veker på -3 veker av. Fri 3 av 4 helger.



Adresse:
Oldeide Ferjekai, 6727 Bremanger

Måløy Ferjekai
6700 Måløy
Norge

Kontaktinformasjon

Thea Eliassen
Rekrutteringsmedarbeidar
E-post:
thea.eliassen@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Apply
Other Job Recommendations:

Maskinsjef

DeepOcean
Trøndelag
Vi jobber hele tiden for at det skal bli så forutsigbart som mulig å jobbe i Eidsvaag, og vi ønsker å beskrives som en seriøs...
1 uke siden

Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord

Fjord1
Nordland
Bli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – og ta del i framtida for maritim teknologi! Vil du jobbe med den nyaste grøn teknologi og...
1 dag siden

Matros i sambandet Brekstad-Valset, pt. MF Vestrått

Fjord1
Region Midtjylland
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga...
3 dager siden

Overstyrmann i sambandet Edøya - Sandvika, p.t. MF Smøla

Fjord1
Buskerud
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
1 uke siden

Skipsførar i sambandet Lote - Anda, p.t. MF Eidsfjord

Fjord1
Vestland
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
1 uke siden

Maskinsjef i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord

Fjord1
Rogaland
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og...
  • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske...
4 dager siden

Overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord

Fjord1
Nordland
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
1 uke siden

1.styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord

Fjord1
Rogaland
Hos oss får du jobbe i ein bedrift med gode karriere moglegheitar, saman med dyktige og kjekke kollegaer Ein bur om bord når ein...
5 dager siden