1.styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord

Fjord1
Rogaland
Full time
6 dager siden

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som 1. styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Mastrafjord.

Hos oss får du jobbe i ein bedrift med gode karriere moglegheitar, saman med dyktige og kjekke kollegaer. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.

Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.

Oppstart omgåande


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

05.08.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Føresvik, Rennesøy

Stillingstittel:

1. styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4995801617

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

Som styrmann har du ei sentral rolle om bord, med ansvar for navigasjon, tryggleik og dagleg drift av dekksavdelinga på di vakt. Du sikrar at alt navigasjons- og tryggleiksutstyr er i samsvar med gjeldande reglar, og bidrar aktivt til opplæring av mannskap og ein sikker og effektiv arbeidsdag.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiar for dekksavdeling på si vakt
  • Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
  • Tryggleiksoffiser med ansvar for sikkerheitsrutinar om bord
  • Navigere sjølvstendig på si vakt
  • Ettersyn av navigasjonsutstyr og sikring av at navigasjonshjelpemiddel oppfyller gjeldande krav
  • Sikre at førstehjelpsutstyr er i samsvar med regelverk
  • Vedlikehald og oppfølging av brann- og redningsutstyr i tråd med AMOS-systemet
  • Opplæring av mannskap innanfor sitt ansvarsområde
  • Sikre trygg og forsvarleg lasting og lossing, samt delta ved behov
  • Andre oppgåver i tråd med stillingsinstruksen

Vi ser etter:

Vi ser etter ein strukturert, samarbeidsvillig og ansvarsbevisst 1.styrmann som trivst med ansvar og eit tett samarbeid med mannskapet. Du forstår og støttar opp om bedrifta sine mål, og har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø om bord. Med eit positivt humør, god kommunikasjonsevne og ei serviceinnstilt haldning bidrar du til ei trygg og smidig reise for både mannskap og passasjerar.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum D4-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
  • Gyldig helseattest
  • Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi tilbyr

Hos oss får du ein trygg og spanande arbeidskvardag om bord på moderne fartøy, med eit støttande og godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr:


  • Konkurransedyktig lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
  • Gode velferdsordningar som gir deg ekstra trivsel både på jobb og fritid, som moglegheita til å leige leiligheiter eller hytter, og rabattordningar
  • God turnusordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
  • Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode


Er du klar for nye utfordringar i eit framtidsretta reiarlag? Send inn søknaden din i dag – vi ser fram til å høyre frå deg!




Adresse:
Arsvågen Ferryport, E39, 5561 Føresvik, Norge

Mortavika Ferjekai
E39
4150 Rennesøy
Norge

Kontaktinformasjon

Thea Eliassen
Rekrutteringsmedarbeidar
E-post:
thea.eliassen@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Apply
Other Job Recommendations:

Skipsførar i sambandet Lote - Anda, p.t. MF Eidsfjord

Fjord1
Vestland
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
1 uke siden

Matros i sambandet Brekstad-Valset, pt. MF Vestrått

Fjord1
Region Midtjylland
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga...
4 dager siden

1.styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord

DeepOcean
Buskerud
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av...
6 dager siden

Overstyrmann i sambandet Edøya - Sandvika, p.t. MF Smøla

Fjord1
Buskerud
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
1 uke siden

Maskinsjef i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen

Fjord1
Region Midtjylland
  • Teknisk leiar og skal sørge for at skipet sitt tekniske...
  • Skal saman med skipsførar bidra til at...
3 dager siden

Overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord

Fjord1
Nordland
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet,...
1 uke siden

Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord

Fjord1
Nordland
Bli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – og ta del i framtida for maritim teknologi! Vil du jobbe med den nyaste grøn teknologi og...
2 dager siden

Maskinsjef i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord

Fjord1
Rogaland
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og...
  • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske...
5 dager siden