Er du vår nye kollega?
Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i KSK med tre seksjonar. Vi er ei attraktiv avdeling på tre seksjonar som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt.Vi søker nå etter ein reinhaldar til 100% fast stilling.
22.08.2025
Helse Bergen HF
Reinhaldsassistent
1
Fast
100
5000547938
08.09.2025
Arbeidsoppgåver
- Reingjering av operasjonsstover med tilstøytande rom etter dagens bruk
- Vask av kontor, korridorar, garderobar m/ sko og anna fellesareal
Kvalifikasjonar
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Må ha kjennskap til moderne reinhald
Personlege eigenskapar
- Må vere nøyaktig og ansvarsbevisst
-
Ha høg arbeidsmoral og gode samarbeidsevner
- Må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.