Vil du leie eit fagmiljø som set spor – og bidra til å utvikle rusfeltet i Vestland og nasjonalt?
KORUS Bergen søker no ny leiar! Vår dyktige leiar går av med pensjon, og vi ser etter deg som ønsker å bruke leiarkompetansen din til å skape retning, engasjement og kvalitet i eit fagfelt i rask utvikling.
KORUS Bergen (Kompetansesenter for rusfeltet) er eit regionalt kompetansemiljø med brei fagleg spennvidde og tydeleg samfunnsoppdrag. Vi jobbar for å styrke kunnskap og kvalitet i rusførebygging, tidleg innsats, behandling og oppfølging – i tett samarbeid med kommunar, spesialisthelseteneste og andre regionale og nasjonale aktørar. Vi er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen og har oppdrag frå Helsedirektoratet.
08.09.2025
Helse Bergen HF
Bergen
1
Fast
100
5004969197
Arbeidsoppgåver
Som leiar for KORUS Bergen får du:
- Det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal – og for å vidareutvikle eit sterkt, tverrfagleg kompetansemiljø
- Ei nøkkelrolle i å gjere nasjonale føringar om til konkrete, nyttige tiltak for kommunar og tenester i vår region
- Ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av senteret sine aktivitetar i tråd med Helsedirektoratet sitt årlege tilskotsbrev
- Moglegheit til å styrke kvalitet og fagleg dokumentasjon gjennom utvikling av gode rutinar og prosedyrar
- Ein viktig funksjon i arbeidet med HMS, internkontroll og eit godt arbeidsmiljø
- Rolle i den nasjonale leiargruppa for KORUS – der du bidrar til samordning og fagleg retning nasjonalt
- Ein plass i leiargruppa for Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen – med påverknad på tvers av seksjonar
- Leie og inspirere kompetente, sjølvstendige medarbeidarar i eit fagmiljø som ønskjer utvikling og samspel
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Høgare utdanning frå universitet eller høgskule – gjerne med bakgrunn frå helse, sosialfag eller samfunnsvitskap
- God fagleg innsikt i rusfeltet og/eller psykisk helse, helst med erfaring frå både kommune og spesialisthelseteneste
- Leiarerfaring – og gjerne formell leiarutdanning
- Tryggleik i personalleiing og evne til å bygge eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Interesse for ressursstyring og økonomi som verkemiddel for utvikling
- Svært gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Har eit ekte engasjement for rusfeltet og vil vere med på å gjere ein forskjell
- Er trygg i leiarrolla, med evne til å bygge gode relasjonar både internt og eksternt
- Skapar samhald, meistring og fagleg utvikling rundt deg
- Tenkjer strategisk, tar kloke val – og gjennomfører
- Trivst i ein dynamisk kvardag med mange kontaktflater
Vi tilbyr
- Ei leiarstilling med stor påverknadskraft – du får vere med å forme rusfeltet i regionen
- Ein kvardag full av faglege utfordringar, utvikling og samarbeid på tvers av nivå og sektorar
- Dyktige og dedikerte kollegaer som brenn for felles mål
- Eit miljø der nye idéar blir lytta til – og realisert
- Lønn og vilkår i samsvar med gjeldande avtalar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.