Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
fysioterapeut
ledige stillinger i barnehage
ledige stillinger i
under 18 år
16 år
for ungdom
sykehjem
butikkmedarbeider
sommervikar
nattevakt
Vestland
Oslo
Akershus
Sandnes
Trondheim
Fredrikstad
Møre og Romsdal
Innlandet
Porsgrunn

Økonomisjef

Bømlo kommune
Nordland
2 dager siden

(i ny fane)


Om stillinga

Etter mange år i jobben går noverande økonomisjef av med pensjon. Me søkjer difor ein ny økonomisjef som vil ta over stafettpinnen og bidra til å forma framtida i ein kommune med høge ambisjonar og sterke verdiar.

Me ser etter ein strategisk og utviklingsorientert økonomisjef som vil leia økonomiavdelinga og spela ei sentral rolle i kommunedirektøren si leiargruppe. Du får ansvar for budsjett, rekneskap, økonomistyring og finansforvaltning, og skal bidra til berekraftig samfunnsutvikling gjennom god økonomisk planlegging og leiing.


Om kommunen

Bømlo ligg vakkert til på kysten, midt mellom Bergen og Stavanger. Me har eit variert næringsliv, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår. Kommunen har om lag 12 500 innbyggjarar og er ein attraktiv stad å bu og arbeida. Me har høge ambisjonar for utviklinga av lokalsamfunnet vårt – og me treng dyktige folk med på laget.

Nøkkelinformasjon

Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver og ansvar

Som økonomisjef har du overordna ansvar for kommunen sin økonomi og finansforvaltning. Du skal leia og vidareutvikla økonomiavdelinga og sikra at Bømlo kommune har god økonomistyring og langsiktige planar på plass.

Dette inneber blant anna:

  • Budsjett og rekneskap: leia budsjettprosessen, sørgja for nøyaktig rekneskapsføring og økonomiplanar, samt følgja opp at vedtatt budsjett blir halde.
  • Økonomistyring og rapportering: sikra god kontroll på utgifter og inntekter gjennom året og rapportera jamleg til administrativ og politisk leiing. Du har ei sentral rolle i å formidla økonomiske analysar og innsikt på ein forståeleg måte, slik at både organisasjonen og politikarane har god økonomisk forståing.
  • Strategi og utvikling: vera ein aktiv bidragsytar i kommunen si overordna planlegging. Du skal sjå økonomi i samanheng med tenesteutvikling, identifisera handlingsrom og føreslå tiltak som fremjar ei berekraftig utvikling for Bømlo-samfunnet.
  • Samarbeid og leiarskap: delta i kommunedirektøren si leiargruppe og bidra til godt tverrfagleg samarbeid. Du jobbar tett med verksemdsleiarar og andre fagmiljø for å integrera økonomiske perspektiv i alt frå samfunnsplanar til dagleg drift. Som leiar for økonomiavdelinga motiverer og utviklar du medarbeidarane dine og byggjer eit sterkt fagmiljø.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan økonomi (masternivå er ønskjeleg).
  • Erfaring med økonomistyring og finansielle analysar.
  • Relevant leiarerfaring er ein fordel.
  • Gode digitale ferdigheiter og systemforståing.
  • God framstillingsevne på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Strategisk og analytisk – ser heilskapen og tenkjer langsiktig.
  • Strukturert og fleksibel – handterer varierte oppgåver med målretta innsats.
  • God kommunikator og lagspelar – formidlar økonomi på ein forståeleg måte og byggjer gode relasjonar.
  • Trygg og engasjerande leiar – motiverer medarbeidarar og tek ansvar.
  • Utviklingsorientert – open for nye løysingar og held deg fagleg oppdatert.


Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.


Me tilbyr

  • Ei nøkkelstilling i ein framoverlent kommune. Dette er ei utfordrande og lærerik toppleiarstilling.
  • Eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø. Økonomiavdelinga hos oss består av flinke folk med høg kompetanse som gledar seg til å få ein ny leiar på laget. Elles i organisasjonen vil du møta ein kultur prega av samarbeid og openheit, der me lever etter verdiane våre: raus, modig og engasjert.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar (KLP).
  • Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår.
  • Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
  • Trivelege kollega, kantine og eige kontor.

Andre opplysingar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Kjetil Aga Gjøsæter, kommunedirektør eller personalsjef Vanja Espeland.




Adresse: Bømlo rådhus, Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kjetil Aga Gjøsæter
Kommunedirektør
Telefon: 408 63 501
Vanja Espeland
Personalsjef
Telefon: 480 17 825

Om arbeidsgivaren

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Adresse: Bømlo rådhus, Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kjetil Aga Gjøsæter
Kommunedirektør
Telefon: 408 63 501
Vanja Espeland
Personalsjef
Telefon: 480 17 825
Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Vi søker økonomisjef

DeepOcean
Finnmark
Vadsø kommune ser etter en dyktig økonomisjef som skal være med på å forme fremtiden for vår kommune. Som økonomisjef får du en...
3 dager siden

Økonomisjef

DeepOcean
Trondheim
Polaris Trykk AS er et av landets ledende trykkeriselskaper og en viktig del av Polaris Media-konsernet Selskapet har ansvar for...
4 dager siden

Økonomisjef/CFO

DeepOcean
Region Midtjylland
Du blir en nøkkelperson i bedriften og får en sentral rolle i ledergruppen, med ansvar for å sikre solid økonomistyring, bidra til...
2 uker siden

Stefanusalliansen søker økonomisjef

DeepOcean
Oslo
Er du en økonom som ønsker å bidra til et meningsfullt arbeid gjennom god økonomisk styring og strategisk utvikling?...
4 dager siden

Renhold

DeepOcean
Innlandet
Vi har en ledigVIKAR stilling som renholder hos en av våre kunder. Swoosh revolusjonerer renholdsbransjen og er på jakt etter de...
1 dag siden

Bo og Habilitering i Averøy kommune søker

DeepOcean
Buskerud
1 x 100% fast stilling ved sone1 Arbeidstiden er pt. vakter 12,5 timer og med arbeid pt. hver 4 helg. 1 x 100% fast stilling ved...
1 dag siden

Pedagogisk medarbeider (assistent)

Espira Gruppen AS
Nordland
Espira Kunnskapsbarnehagen har som visjon å lede utviklingen av fremtidens barnehager Vi tror at en viktig nøkkel til kvalitet i...
1 dag siden

Overlegevikariat ved Mottak barn og unge

Helse Bergen
Vestland
  • Du vil ha dag til dag ansvar for behandling og oppfølging av...
  • Du vil arbeide både på sengepost og i poliklinkk...
1 dag siden

Arkivansvarlig

DeepOcean
Trøndelag
Er du engasjert i arkivfaget og vil være med å utvikle arkivtjenesten inn i en stadig mer automatisert og digitalisert framtid? Da...
2 dager siden

Service- eller prosjektingeniør

Bravida
Vestland
Vil du være med å forme fremtidens byggautomasjon i Bergen? Vi jobber mot proffmarkedet og er et sosialt team som støtter...
2 dager siden