Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som 1. styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Mastrafjord.
Hos oss får du jobbe i ein bedrift med gode karriere moglegheitar, saman med dyktige og kjekke kollegaer. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.
Oppstart omgåande
05.08.2025
Fjord1 AS
Føresvik, Rennesøy
1. styrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Mastrafjord
1
Heiltid
Fast
100
4995801617
Arbeidsoppgåver
Som styrmann har du ei sentral rolle om bord, med ansvar for navigasjon, tryggleik og dagleg drift av dekksavdelinga på di vakt. Du sikrar at alt navigasjons- og tryggleiksutstyr er i samsvar med gjeldande reglar, og bidrar aktivt til opplæring av mannskap og ein sikker og effektiv arbeidsdag.
Arbeidsoppgåver:
-
Leiar for dekksavdeling på si vakt
-
Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
-
Tryggleiksoffiser med ansvar for sikkerheitsrutinar om bord
-
Navigere sjølvstendig på si vakt
-
Ettersyn av navigasjonsutstyr og sikring av at navigasjonshjelpemiddel oppfyller gjeldande krav
- Sikre at førstehjelpsutstyr er i samsvar med regelverk
-
Vedlikehald og oppfølging av brann- og redningsutstyr i tråd med AMOS-systemet
- Opplæring av mannskap innanfor sitt ansvarsområde
-
Sikre trygg og forsvarleg lasting og lossing, samt delta ved behov
-
Andre oppgåver i tråd med stillingsinstruksen
Vi ser etter:
Vi ser etter ein strukturert, samarbeidsvillig og ansvarsbevisst 1.styrmann som trivst med ansvar og eit tett samarbeid med mannskapet. Du forstår og støttar opp om bedrifta sine mål, og har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø om bord. Med eit positivt humør, god kommunikasjonsevne og ei serviceinnstilt haldning bidrar du til ei trygg og smidig reise for både mannskap og passasjerar.
Kvalifikasjonar:
-
Minimum D4-sertifikat
-
VHF/ROC-sertifikat
-
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
-
Krise- og passasjerhandteringskurs
-
Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
- Gyldig helseattest
- Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Hos oss får du ein trygg og spanande arbeidskvardag om bord på moderne fartøy, med eit støttande og godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
- Gode velferdsordningar som gir deg ekstra trivsel både på jobb og fritid, som moglegheita til å leige leiligheiter eller hytter, og rabattordningar
- God turnusordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
- Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode
Er du klar for nye utfordringar i eit framtidsretta reiarlag? Send inn søknaden din i dag – vi ser fram til å høyre frå deg!
E39
4150 Rennesøy
Norge
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.