Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Administrativ prosjektkoordinator (Rådgjevar)
Velkomen som søkjar til ei fast stilling som administrativ prosjektkoordinator (rådgjevar) knytt til Senter for norsk fagspråk ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen. Stillinga har oppstart 1. oktober 2025 eller så snart som mogleg etter dette.
Senter for norsk fagspråk er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Fagspråksenteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Senteret startar opp 1. september 2025 og har finansiering i inntil åtte år (fem år med moglegheit for tre års forlenging).
Universitetet i Bergen vil vere koordinator for senteret, som vil vere knytt til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultet (HF). Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren.
Universitetet i Bergen har ambisjon om å ha ei tydeleg rolle i utviklinga av norsk fagspråk og terminologi fram mot 2030. Fagspråksenteret og prosjektkoordinatorstillinga vil derfor vere strategisk viktige for både universitetet og fakultetet.
Arbeidsoppgåver:
Den administrative prosjektkoordinatoren vil vere ansvarleg for dagleg administrativ koordinering og støtte knytt til Fagspråksenteret, inkludert opp mot partnarinstitusjonar.
Kjerneoppgåvene vil vere:
- Støtte til økonomistyring, rekruttering, koordinering, kommunikasjon og informasjonsflyt.
- Rapportering, arrangementsarbeid og andre støttefunksjonar, inkludert arealplanlegging, reiseplanlegging, tilrettelegging for gjesteforskarar og førebuing av møte.
- Støtte til søknadsarbeid om forskingsprosjekt.
- Fungera som arbeidsleiar og koordinator for vitskapelege assistentar, studentassistentar og andre støtteressursar knytt til senteret.
Den som blir tilsett skal utføre oppgåvene i samsvar med føringar og vedtak i Fagspråksenteret sitt styre og leiargruppa, gjeldande rutinar og praksis, og i nært samspel med eksisterande administrative tenester og einingar ved Universitetet i Bergen. Leiargruppa i senteret vil vere samansett av senterleiar og fire arbeidspakkeleiarar. Administrasjonssjef ved LLE vil vere næraste linjeleiar, men den som blir tilsett i stillinga vil i det daglege rapportere til senterleiar.
Om lag 30 % av stillinga vil bestå av administrative oppgåver knytt til andre prosjekt ved LLE og HF. Oppgåvene i stillinga kan endre seg over tid.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som har:
- Utdanning på masternivå. Lang, relevant erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Relevant administrativ erfaring.
- God organisasjons- og rolleforståing.
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring med forskingsadministrasjon.
- Erfaring med koordinering av prosjekt.
- Erfaring med økonomistyring og rapportering.
- Erfaring med arrangementsarbeid.
Vi ynskjer at du har:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Evne til å arbeida sjølvstendig.
- Evne til å jobba under tidspress.
- Evne til å handtera fleire komplekse oppgåver samtidig.
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt i vurderinga av søkjarane.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei brutto årsløn på mellom kr. 670 000 og kr. 720 000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga, og om erfaringar eller eigenskapar du meiner er særleg relevante.
-
Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar.
- Språkferdigheiter.
- Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere nåverande eller tidlegare overordna.
-
Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Karakterutskrift og vitnemål lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, lastast dei opp som vanlege filer.
- Relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar Marita Kristiansen, tlf.: +47 55 58 30 69, e-post [email protected], instituttleiar Anders Fagerjord, tlf.: +47 55 58 36 53, epost: [email protected] eller administrasjonssjef Aleksander Morland, tlf.: +47 55 58 28 62, epost: [email protected].
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter.
Spørsmål om stillinga
Søknadsfrist
14. september 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Heiltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen