Klinikk sikkerheitspsykiatri er ein klinikk i psykiatrisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken har 2 sengepostar, ein Regional sikkerheitsavdeling og ein Lokal sikkerheitsavdeling.
Vår oppgåve er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Sentrale oppgåver er å vurdere og å handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Målet vårt er å gje pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Regional sikkerheitsavdeling har no ledige faste 20% helgestillingar.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke.
18.08.2025
Helse Bergen HF
Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling
3
Deltid
Fast
20
4998473105
Arbeidsoppgåver
- Følge opp pasientar i henhald til behandlingsplan
- Bidra til å skape eit trygt postmiljø for både pasientar og personale
- Kunne gi omsorg, støtte og struktur for pasientar i ein vanskeleg livssituasjon
- Miljøterapeutisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring frå liknande type arbeid
- Gjerne student innan helsefagleg utdanning
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team, vere strukturert
- Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert
- Stor arbeidskapasitet
- Meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Krav om godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for den einskilde pasient
- Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Grundig opplæring
- MAP kurs, møte med aggresjonsproblematikk
- Triveleg arbeidsmiljø
- Treningsrom for tilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.