Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar førebyggjande tenester i Samnanger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest fredag 22. august
Om stillinga
Er du vår nye avdelingsleiar for førebyggjande tenester?
Førebyggjande tenester skal vere eit "kraftsenter" i kommunen og innbyggjare skal få den hjelpa dei treng på èin stad. I avdelinga ligg helsestasjon, jordmortenesta, fysio-ergoterapitenesta og Samnangerhjelpa.
Samnangerhjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, ungdom, gravide, foreldre og vaksne. I Samnangerhjelpa er mellom anna kommunepsykolog, familierettleiarar og psykisk helsearbeidarar. Me ynskjer å yte heilheitlege og tilgjengelege tenester på tvers av einingar. Når ein innbyggjar tek kontakt med Samnangerhjelpa skal ein oppleve at ein er komen rett og får den hjelpa ein treng.
Me ser etter deg som vil koordinere og utvikla dette tilbodet.
Avdelinga er organisert i eining for livsmeistring saman med barneverntenesta, NAV og flyktningetenesta.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for fag, personal og budsjett i avdelinga
Koordinere og utvikle Samnangerhjelpa
Gi tiltak til brukarar
Funksjon som kommuneombud
Ansvar for sakshandsaming og forvaltning knytt til fritidskontaktar og avlastarar i kommunen
Ansvar for implementering av BTI og sikre arbeid med koordinator og barnekoordinator
Gi råd og rettleiing
Sikra at kvar enkelt får behandling og oppfølging i tråd med gjeldande lover og forskrifter
Kvalifikasjonar
Krav
Minimum tre-årig helse- eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet, andre med relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert
Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Kunnskap om offentlege helse-, omsorgs- og velferdstenester
Kjennskap til aktuelt lovverk
Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Førarkort klasse B
Ønskjer
Erfaring med koordinering og vedtaksskriving
Rettliingskompetanse, EFST, COS, Marte Meo eller anna kunnskap/erfaring frå målretta miljøarbeid
God digital forståing
Kjennskap til BTI-modellen
Evne til å arbeide ut i frå eit familieperspektiv
Relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar
Stort engasjement for brukargruppa
Relasjonskompetanse og god samarbeidsevne
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Kunne leia og motivere medarbeidere
Fleksibel og open for nye utfordringar
Evne til å gå inn i den vanskelege samtalen
Det blir lagt stor vekt på å vere personleg eigna for stillinga
Me tilbyr
Positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Høve til fagleg og personleg utvikling
Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Fleksible arbeidstidsordningar
Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Laila Grønn-Jensen
Einingsleiar livsmeistring
+4795885771
[email protected]
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.samnanger.kommune.no/
Annonsedata
Stillingsnummer
03a6d1e6-4f39-49ed-a6c3-baf23a68139e
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10258746
Report job