Sundrevegen 43-45, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk senest onsdag 18. juni
Frå 1. august -25 er det ledig faste stillingar for lærarar ved 1-7. trinn ved Nedre-Ål skule.
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer.
Det er spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg. Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
Brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane.
Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
To-lærarsystem ved fleire av skulane.
Miljørettleiarar ved skulane.
Hjelp til å finne bustad.
Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Søknad og politiattest
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Sissel Skrindo
99287896
[email protected]
Om bedriften
Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar. Skulen har to-lærarsystem og miljørettleiarar. Vi har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3510531_221513_nn
Report job