Om stillinga
Hei, ynskjer du å arbeide i Gloppen Kommune i sommar? Har du erfaring frå arbeid innan helse, eller lurer du på om dette er noko for deg? Eller er du nyutdanna helsefagarbeidar, sjukepleier, vernepleier og kunne tenkt deg å prøve ut og arbeide hos oss?
Vi treng ferievikar til avdeling Åsateigen og Kvitveisen.
Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 68 årsverk fordelt på åtte avdelingar, og yter tenester til menneske i alder 7 til 84 år- Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar tverrfagleg for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.
Søknadane vert handsama fortløpande.
Det er og høve til å fortsette som vikar dersom det er ynskjeleg.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse.
- Miljøterapeutisk arbeid
- Samarbeid med pårørande
- Praktisk bistand
- Utlevering av legemiddel
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer hovudsakleg etter arbeidstakarar over 18 år eller som fyller 18 år i 2025.
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- Du har gode samarbeidsevner
- Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg
- Du tek i mot rettleiing
- Du er nøyaktig og motivert
Vi tilbyr
- Informasjonsmøte for alle ferievikarar før oppstart, og ei opplæringspakke som sikrer at du har dei kursa du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvane dine. Du vil også få opplæring på arbeidsstaden du er tilsett.
- Moglegheit for å vere tilkallingsvikar vidare
-
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Adresse: Grandavegen 9, 6823 Sandane
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.