Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
nattevakt
16 år
under 18 år
butikkmedarbeider
hotell
marketing
visa sponsorship jobs
it
ledige stillinger i
for ungdom
Oslo
Bergen
Oslo kommune
Trondheim
Stavanger
Lillehammer
Kristiansand
Drammen
Norge
Asker
Mandal
Namsos
Fredrikstad
Horten
Gjøvik kommune
Apply

Helsefagarbeidar Åsateigen

Gloppen kommune
Vestland
Full time
3 dager siden
(i ny fane)


Om stillinga

Miljøarbeidartenesta har ledig 100 % vikariat som helsefagarbeidar ved avd Åsateigen med arbeid kvar tredje helg.


Vi ser etter deg som er helsefagarbeidar. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape god og meiningsfull kvardag med fokus på løysingar og ikkje problem. Som tilsett hjå oss skal du bidra til at bebuarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil få ein meninigsfull og spennande jobb, i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt for å gje brukarane gode tenester.
Stillingane er lagt til avdeling Åsateigen som gjev tenester til mennesker med nedsatt funksjonsevne. Personalet har personaldel i tilknytning til leilegheitene til bebuarane. Ein er 1:1 på dag og kveld, og turnusen er organisert i langvakter med arbeid kvar fjerde helg.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
22.06.2025
Arbeidsgivar:
Gloppen kommune
Stillingstittel:
Helsefagarbeidar Åsateigen
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4978099926
Startdato:
01.07.2025
Sluttdato:
01.09.2026
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Helse- og omsorgstenester til våre brukarar
  • Kartleggingsarbeid
  • Det kan bli lagt primærkontaktansvar til stillinga
  • Målretta miljøarbeid
  • Bistand i alle dagleglivet sine gjeremål
  • Gjennomføring av faglege tiltak
  • Journalføring og planarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar, kan være aktuelt med assistent med stor interesse for faget.
  • Erfaring og kunnskap med å arbeide med menneske med psykisk utviklingshemming
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel.


  • Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
  • Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
  • Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
  • Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar


Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.


For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar

Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tilsetting



Adresse: Grandavegen 9, 6823 Sandane

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Ann Iren Festervoll
Tenesteleiar Busetting og integrering

Om arbeidsgivaren

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Helsefagarbeidar 70% fast

Øygarden kommune
Vestland
Er du helsefagarbeidar eller assistent med påbegynt teori innan helsefagarbeidarfaget og ønsker nye utfordringar? Då har vi eit...
16 timer siden

Ferievikar Åsateigen og Kvitveisen 2025

Gloppen kommune
Vestland
  • Utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og...
  • Vi søkjer hovudsakleg etter arbeidstakarar over 18 år eller...
3 dager siden

Offentleg godkjent helsefagarbeidar Vartdal helsetun

Ørsta kommune
Møre og Romsdal
  • Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til...
  • Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg...
1 dag siden

Fjell sjukeheim

DeepOcean
Vestland
Er du helsefagarbeidar eller assistent med påbegynt teori innan helsefagarbeidarfaget og ønsker nye utfordringar? Då har vi eit...
2 dager siden