Sogndal kommune
Kommunepsykolog - barn og unge
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å vere del av eit dedikert tverrfagleg team og forme kommunen si psykiske helseteneste for barn, unge og deira familiar?
Me søker ein engasjert kommunepsykolog i eit års vikariat (100%) knytt til helsetasjonen sitt tilbod: Barn-, ungdom- og familiestøtte. Dette er eit lågterskel psykisk helsetilbod for barn og unge (0–20 år) og deira foreldre. Tilbodet omfattar individuell oppfølging, gruppetilbod, foreldrerettleiing og støtte til tilsette.
Som kommunepsykolog vil du bidra til å utvikle eit samordna psykisk helsearbeid i tett samarbeid med skulehelseteneste, helsestasjon og andre fagmiljø. Du vert del av eit tverrfagleg team med bl.a. familierettleiarar, pedagogar og ungdomslosar, og vil jobbe både førebyggjande, helsefremjande og behandlande. Som del av det tverrfaglege teamet vil du spele ei sentral rolle i å styrke primærhelsetenesta ved å følgje opp barn og unge som står i fare for, eller har utvikla, psykiske plagar. Me jobber etter den tverrfaglege modellen "Betre tverrfagleg innsats".
Arbeidsoppgåver
Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale instansar og tilsette som arbeider med barn og unge.
Klinisk arbeid med barn, ungdom og deira familiar.
Vidareutvikling av lågterskel- og gruppetilbod.
Samarbeid med og tilvising til spesialisthelsetenesta.
Styrke kommunen sin kompetanse på psykisk helse gjennom undervisning og rettleiing.
Bidra til fagutvikling og systemisk utviklingsarbeid.
Me ser etter deg som har engasjement for førebyggande arbeid og tidleg innsats og som ønsker å bidra med å styrke det psykiske helsearbeidet for barn og unge i kommunen vår. Det blir vektlagt at du er effektiv, strukturert og løysingsorientert. Du må trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som psykolog
Relevant yrkeserfaring vil bli vektlagt
Kompetanse eller erfaring med utviklingsarbeid og rettleiing er ynskeleg, men ikkje eit krav
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Me tilbyr
Ein meiningsfylt jobb der du bidrar med å styrke det psykiske helsearbeidet for barn og unge
Samarbeid i eit engasjert tverrfagleg team
Godt samarbeid med andre tenester i kommunen
Opplæring, rettleiing og støtte i jobben
Varierte arbeidsdagar og fleksitid
Reiseverksemd i heile kommunen må påreknast.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6242754Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6242754