Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
for ungdom
english language jobs
logistikk
ledige stillinger i
16 år
uten utdanning
sykepleier
helse og omsorg
butikkmedarbeider
under 18 år
Oslo
Vestland
Akershus
Møre og Romsdal
Bergen
Innlandet
Trondheim
Buskerud
Trøndelag

Ph.d.- Stipendiat innan mikrobiell interaksjon i havbotnskorpa

Universitetet i Bergen
Vestland
4 dager siden

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat innan mikrobiell interaksjon i havbotnskorpa

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan temaet mikrobiell interaksjon i havbotnskorpa. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er finansiert av EU og knytt til Horizon Europe Marie Skłodowska-Curie Action - Doctoral Network FluxBEATS som integrerer geologiske observasjonar, banebrytande geokjemiske og biogeokjemiske analysar, data og modellering, frå moderne vulkanske system langs midthavryggar og spreiingssenter, til krittidas ofiolitter og prekambriske magmatiske kompleks og tilhøyrande hydrotermale system. Den spesifikke stillinga er knytt til arbeidspakke 4 “Frå sjøbotn til vassøyla”.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Kvar dag går ca. 100 milliardar kubikkmeter sjøbotnvatn inn i den permeable øvre oceaniske skorpa, der det reagerer med basaltske bergartar. Sjøvatnet returnerer så til havet med ein betydeleg endra kjemisk samansetnad, som har store konsekvensar for jordas system. Mikrobielle celler er utbreidde i den oceaniske skorpa, men deira påverknad på graden av forvitring samt strømningsraten og dermed deira effekt på jordas system er i stor grad ukjent.

Det primære målet med prosjektet er å kvantifisere den miljømessige påverknaden frå mikrobiell og/eller soppaktivitet i den oceaniske skorpa. Prosjektet vil fremje vår forståing gjennom ei tverrfagleg tilnærming som kombinerer mikrofluidikk, genomikk, atomar mineraloppløysingsmålingar, biogeokjemisk modellar, høgoppløyst 3D-bilete, isotopmerking og integrert geobiologisk dataanalyse for å kvantitativt adressere hovudmålet vårt. Analytiske metodar som kan bli nytta omfattar eit mangfald av avanserte molekylære, mikroskopiske og geokjemiske teknikkar og protokollar som mikrobiell genomikk, atomic force mikroskopi kombinert med vertikal skanningsinterferometri (ATM-VSI), røntgendiffraksjon (XRD). Andre potensielle metodar kan inkludere laserablasjon induktivt kopla plasma massespektrometri (LA-ICP-MS), Raman-spektroskopi, time-of-flight sekundær ion massespektrometri (ToF-SIMS), elektronmikroskopi (EM) og mikro-komputert-tomografi (μ-CT) scanning, samt stabil isotop ratio massespektrometri (IRMS).

Kandidaten vil bli leia av eit internasjonalt team av forskarar frå Noreg (Universitetet i Bergen), Finland (Universitetet i Helsinki) og Tyskland (Universitetet i Bremen og GEOMAR), med hovudrettleiing frå Dr. Steffen Leth Jørgensen ved Universitetet i Bergen. Fleire forskingsopphald i utlandet er venta, særleg ved Universitetet i Bremen.

Den utvalde søkjaren er venta å starte 1.november 2025.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geokjemi, geomikrobiologi eller beslekta fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.10.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn og forskingsinteresser innan geokjemi og/eller geomikrobiologi er eit krav.
  • Erfaring med relevante analytiske metodar i geokjemi og/eller geomikrobiologi er ein fordel.
  • Erfaring med geokjemisk modellering er ein fordel.
  • Erfaring med stabile isotopar er ein fordel.
  • Erfaring med væske/stein/mikrobe-interaksjonar er ein fordel.
  • Erfaring med mikrobiell dyrking er en fordel.
  • Eksisterande fagfellevurderte publikasjonar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må vere motivert for mobilitet og vere villige til å flytte til Norge ved tilsetting
  • Søkjarar må beherske både skriftleg og munnleg engelsk i vitskaplege miljø (presentasjonar, publikasjonar).
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

  • UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
  • Mobilitetetsregel: Søkjarane må ikkje ha budd eller hatt hovudaktiviteten sin (til dømes studiar, arbeid eller forsking) i landet der stillinga er basert i meir enn 12 månader dei siste tre åra før utlysingstidspunktet.
  • Søkjarar må ikkje allereie ha ei doktorgrad når rekrutteringa startar

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsskjema med personopplysningar og kontaktinformasjon (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
  • eit følgjebrev med ei kort forklaring for forskingsinteressene og motivasjonen til søkjaren for å søkja stillinga (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
  • ein kvalifikasjons- og mobilitetserklæring, der du stadfestar at du oppfyller kvalifikasjons- og mobilitetskrava (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
  • CV (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen (Direktør, Senter for dyphavsforskning), Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: [email protected] , telefon: +47 41 62 60 55) eller førsteamanuensis Desiree Roerdink, Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: [email protected] , telefon: +47 55 58 38 59.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgiver Mathilde Høgalmen, e-post: [email protected].

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.


Søknadsfrist

2. september 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Allégaten 41, 5007 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Stipendiat Phd

Oslo universitetssykehus
Oslo
  • Forskning på data fra REMNANT-studien, hvor mye av dataene...
  • Personlig egnethet, initiativ og evne til å sette seg inn i...
1 uke siden

CICERO har ledig PhD-stipendiat om iverksetting av EU-politikk for energiomstilling

DeepOcean
Oslo
Vi har en ledig stilling som PhD-stipendiat innenfor statsvitenskap om temaet iverksetting av EU-politikk for energiomstilling....
1 uke siden

Førsteamanuensis innan global endringsøkologi

Universitetet i Bergen
Vestland
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha...
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og...
1 uke siden

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer nyutdanna og erfarne sivilingeniørar innan geoteknikk

Norconsult
Vestland
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og...
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk...
1 uke siden

Stipendiat i operasjonssykepleie

DeepOcean
Sarpsborg
Er du vår nye kollega? Vi søker en godt kvalifisert kandidat som er motivert for og interessert i forskning og undervisning rettet...
2 uker siden

Stipendiat i nordisk språk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Universitetet i Bergen
Vestland
  • Søkar må ha norsk mastergrad i nordisk språkvitskap, eller...
  • Søkar må kunne delta i undervisning og administrasjon på...
2 uker siden

BSS Billing Spesialist

Lyse Energi
Oslo
  • Ansvar for «bill runs», produksjon av fakturafiler i henhold...
  • Utvikling og vedlikehold av rapporter for kvalitet og...
5 dager siden

Resepsjonister

Olav Thon Gruppen
Akershus
  • Er en humørspreder og trives godt med å jobbe i team
  • Er tilpasningsdyktig og trives i en travel hverdag...
1 uke siden

Våken natt

DeepOcean
Rogaland
Er du interessert i å jobbe med mennesker som som har utfordringer med rus og psykisk helse? Vil du være med på å gjøre en...
5 dager siden

Miljøarbeidere til Holmen PLUSS

Oslo kommune
Norge
Holmen PLUSS, en byomfattende spesialavdeling for 24 elever med autisme og/eller store sammensatte funksjonsvansker Vi er en del...
1 uke siden