Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
under 18 år
jobs
for ungdom
16 år
lærling
butikkmedarbeider
ledige stillinger i
resepsjonist
sats
lager
Oslo
Bergen
Oslo kommune
Trondheim
Stavanger
Fredrikstad
Strømmen
Stord kommune
Hønefoss
Kongsvinger
Kristiansand
Eidsvoll kommune
Drammen
Lofoten
Norge
Apply

Professor II i programutviklingsteori (20 %)

Universitetet i Bergen
Vestland
1 dag siden

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Professor II i programutviklingsteori (20 %)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som professor II (20 %) innan programutviklingsteori. Stillinga skal styrke forskingsgruppa for programutviklingsteori ved instituttet, der formålet er å fokusere på programvare som eit formelt studieobjekt ved bruk av formelle metodar og språkverktøy, inklusive utvikling av ulike typar applikasjonar. Stillinga har ein åremålsperiode på 3 år.

Om instituttet

Institutt for Informatikk (II) er med sine rundt 150 tilsette og meir enn 900 studentar et middels stort institutt med 8 forskingsgrupper innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og fagdidaktikk. II driver grunnleggande og framifrå forsking innan informatikk og bidrar til å løyse dei store globale utfordringane. II tilbyr integrert 5-årig sivilingeniør, bachelor- og masterprogram i informatikk.

Arbeidsoppgåver

I stillinga vil det inngå rettleiing av master- og ph.d.-studentar, undervising i kurs på bachelor- og masternivå og samarbeid om etablering av nye forskingsprosjekt innan programutviklingsteori og andre relevante fagområde. Den som tilsettast vil også ta del i vidareutvikling og modernisering av studieprogrammane, samt oppdatering og kvalitetssikring av gruppa si kursportefølje innan programmeringsteori, inkludert sentrale komponentar som databasar, nettverk og operativsystem. Instituttet vil også kunne nytte vedkommande til andre arbeidsoppgåver relatert til fagområdet slik som internsensor ved mastereksamener og komitéarbeid for vidareutvikling av fagområde og undervising.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha professorkompetanse i programutviklingsteori, og ha sin hovudstilling som professor ved eit anna universitetet eller høgskule.
  • Dokumentert forskingserfaring innan deklarativ grafisk brukargrensesnittprogrammering er eit krav.
  • Dokumentert erfaring med standardisering av programmeringsspråk er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha norskkunnskapar for òg å kunne delta i undervisning og sensur på bachelornivå.
  • Det blir lagt vekt på høg pedagogisk kompetanse og god evne til samarbeid.
  • Undervisningserfaring i emne om programmeringsspråk, generisk programmering og programvareutvikling er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.


Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som professor blir det kravd høg kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • Solid kompetanse og erfaring innan planlegging, gjennomføring og evaluering av undervising
  • Vesentlege bidrag til systematisk utviklingsarbeid knytt til undervisning og rettleiing
  • Bred erfaring fra veiledning, fortrinnsvis på master/ph.d.-nivå
  • Innsats og samarbeid i eige fagmiljø knytt til arbeid med utdanningskvalitet

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.


Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • 20 % stilling som professor II (kode 1013 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 967 000 til kr. 990 000,- (i 100 % stilling). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på to referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Inge Jonassen på [email protected], gruppekontakt Mikhail Barash på [email protected] eller førsteamanuensis Anya Helene Bagge på [email protected].

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.

Spørsmål om stillinga

Karoline Christiansen

HR rådgiver

55 58 47 70

[email protected]


Søknadsfrist

24. juni 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Fast prosent (20%)

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Assistant Professor/Associate Professor

Handelshøyskolen BI
Oslo
  • Visibility within the international and national academic...
  • All pedagogical and research positions must document...
18 timer siden

Professor/førsteamanuensis innen visuell kunst

Universitetet i Agder
Kristiansand
Ved Universitetet i Agder, Fakultet for kunstfag er det ledig en 100% stilling som professor/førsteamanuensis i visuell kunst...
1 dag siden

Senior Consultant combined with Professor / Associate Professor

Helse Sør-Øst RHF
Oslo
  • The applicant must have relevant research experience and a...
  • Documented language skills in Norwegian or a compatible...
3 dager siden

Professor/dosent i pedagogikk

USN
Region Midtjylland
  • publisering i nasjonale og internasjonale fagfellevurderte...
  • kunne lede og dokumentere forskings- og utviklingsarbeid...
1 dag siden

Professor i bevegelige bilder

UiT Norges arktiske universitet
Buskerud
  • Søker må ha svært god muntlig og skriftlig...
  • kan vise til et engasjement i en samfunnsmessig diskurs...
3 dager siden