Grubbegata 1, 0179 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 1. september
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig ei fast stilling som rådgjevar med ansvar for etatstyring i avdelinga for medier og kunst (MK). Stillinga er plassert i seksjonen som mellom anna har ansvar for film, dataspel og opphavsrett (MK2).
Vi søkjer deg som har interesse for filmpolitiske spørsmål og offentleg styring, og som ønskjer å bidra til gjennomføring av regjeringa sin filmpolitikk. I denne rolla får du ansvar for etatstyringa av Norsk filminstitutt (NFI), og vil arbeide med oppfølging og utvikling av filmfeltet i dialog med etaten og relevante aktørar.
KUD er eit relativt lite departement prega av stor offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere travel. Du blir ein del av eit vitalt og tverrfagleg miljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, skal vere med på å gjennomføre regjeringa sin filmpolitikk. Hovudoppgåva er etatstyringa av Norsk filminstitutt (NFI), det vil seie den formaliserte styringsdialogen mellom departementet og underliggjande etat.
Andre arbeidsoppgåver vil vere varierte og utfordrande, og kan mellom anna omfatte:
faglege råd til politisk leiing
vurdering av enkeltsaker, bakgrunn til møter og annan sakshandsaming
utgreiingsarbeid av filmpolitikk og relaterte område
utkast til talar og innlegg
Stillinga inneber samarbeid med andre departement, etatar og forvaltingsnivå. Du vil òg kunne få oppgåver for andre seksjonar i avdelinga og i departementet elles.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
fullført høgare utdanning på masternivå, gjerne innan samfunnsvitskap eller økonomi, med gode resultat
minimum to års relevant erfaring
god forståelse for samanhengen mellom politikk og forvaltning
god evne til å uttrykkje deg klart og presist på norsk, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har
erfaring frå offentleg forvalting, gjerne frå eit departement
kunnskap om etatstyring av underliggjande organ
kunnskap om film, dataspel og kultur, og finansiering av sektoren
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som
er analytisk og arbeider strukturert og nøyaktig
har godt heilskapsblikk og evne til å forstå samanhengar
kommuniserer klart og formidlar styringssignal på ein tydeleg måte
er fleksibel og effektiv i gjennomføringa av oppgåver
har evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og saman medandre
er initiativrik og løysingsorientert
Vi vil leggje vekt på motivasjon og personlege eigenskapar.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
innplassering som 1436 rådgjevar med ei brutto årslønn frå 575 000 til 710 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vere aktuelt.
fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Vi held til midt i Oslo sentrum og skal i 2026 flytte inn i det nye Regjeringskvartalet som er under oppføring.
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Slik søkjer du
Vi er opptekne av kva du kan, og kva erfaringar og kompetanse du har. Dirfor vil vi stille deg nokre faglege spørsmål i tillegg til søknadsbrevet.
I portalen er det viktig at du:
svarar på spørsmåla du får innleiingsvis
skriv søknadsbrev
fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig mellom anna for å vareta kravet om fullstendige søkjarlister
lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Constance Ursin på telefon +47 95 70 76 66.
Om avdelinga og seksjonen
Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk.
Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området.
Avdelinga er samansett av tre seksjonar.
MK2, som stillinga er plassert i, har ansvar for opphavsrett, film og dataspel og kulturell og kreativ næring. Seksjonen har òg ansvar for etatstyringa av Norsk filminstitutt og eigarstyring av Filmparken AS.
Om bedriften
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.
Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og én kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.regjeringen.no/no/dep/kud/
Annonsedata
Stillingsnummer
2eb7012d-bfda-48e3-9459-29dac3d90b86
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10259351
Report job