Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Velkommen som søkjar til ei 100% fast stilling som seniorkonsulent i Holbergprisens sekretariat.
Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen. Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og er formelt underlagt Universitetsdirektørens kontor. Sekretariatet består i dag av fem administrative og ei fagleg stilling.
Stillinga som seniorkonsulent er knytt til Holbergprisen i skolen (HiS), som er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. Målet for konkurransen er å fremje ungdom si interesse for humaniora og samfunnsvitskapane. Som deltakarar gjennomfører elevane eigne forskingsarbeid med støtte frå sekretariatet og etablerte forskarar. Dei lærer seg fagkunnskap, metodikk og kritisk og etisk refleksjon. Om lag 20 skular og 1000 elevar frå heile landet deltek årleg.
Vi søkjer ein person som er engasjert i undervisning, utdanningspolitikk og forskingsarbeid. Du vil vera med å vidareutvikle og styrkje arbeidet med HiS. Som seniorkonsulent vil du besøke og følgje opp elevar og lærarar gjennom forskingsprosessen. Ein sentral del av arbeidet vil vere planlegging og gjennomføring av arrangement. Stillinga vil òg involvere formidlingsarbeid, og du må difor ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter, både på engelsk og norsk. Stillinga vil arbeide tett samarbeid med kollegaer i Holbergprisen.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av elevar og lærarar som deltek i prosjektet, inkludert besøk til deltakarskular i heile landet.
- Arbeid med formidling og informasjon overfor dei vidaregåande skulane, fylkeskommunene, andre samarbeidspartar og eit ålment publikum.
- Produsere innhald til nettstaden holbergprisen.no, sosiale medium, og anna tekstarbeid knytt til HiS.
- Planlegging og gjennomføring av arrangement knytt til både HiS og annan aktivitet knytt til verksemda ved sekretariatet.
- Enkel økonomisk oppfølging av aktiviteten til Holbergprisen i skolen.
- Ta del i andre administrative oppgåver i sekretariatet si daglege drift, til dømes bestillingar og utbetaling av honorar, samt å bidra til andre aktivitetar i sekretariatet.
- Noko reiseaktivitet må ein rekne med.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjaren må ha utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne, både på norsk (begge målformar) og engelsk.
- Erfaring frå vidaregåande skule er ynskjeleg, gjerne innan humanistiske og samfunnsvitskaplege fag.
- Erfaring frå koordinering og planlegging av arrangement er naudsynt.
- God digital kompetanse og erfaring med nettpublisering.
- Evne til å ta initiativ, vere fleksibel, vere vand med å handtere mange oppgåver samstundes, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig, og vere ein god lagspelar i ein liten organisasjon.
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn frå kr. 590 000 - 650 000 etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Administrativ leiar for Holbergprisens sekretariat, Ingrid Ovidia Telle, tlf. 415 14 781/ e-post [email protected], eller fagleg leiar Bjørn Enge Bertelsen, tlf. 411 03 883 / e-post [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.
Søknadsfrist
7. september 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Heiltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen