Seksjon for alderspsykiatri har ei døgneining med 12 sengeplassar, samt polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Døgneininga har ein ledig fast 100% fast stilling ved alderspsykiatrisk sengepost, med arbeid dag og aften, og kvar 3. helg. Stillinga er ledig omgående.
25.08.2025
Helse Bergen HF
Spesialsjukepleiar
1
Fast
100
5000459501
Arbeidsoppgåver
- Sjukehuset har fire hovudoppgåver, pasientbehandling, pasient og pårørande opplæring, forsking og utdanning
- Utgreiing, observasjon og behandling av eldre menneske med alvorleg psykisk sjukdom
- Rettleie, gje støtte og omsorg til pårørande
- Sjukeplefagleg oppfølging av pasientar
- Medikamenthandtering
- Pasientadministrativt arbeid
- Delta i tverrfaglege møte
- Samhandling med andre instansar, internt og kommunale aktørar for å etablere eit godt tilbod til den einskilde pasinten
- Delta i kvalitetsforbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning
-
Må meistre norsk både munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må
minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad - Engasjement og interesse for å jobbe med eldre menneske
- Gode IKT-kunnskapar
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga mellom anna med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du jobbar sjølvstendig og tar personleg ansvar for at oppgåver blir utført
- Du er trygg i rolla som sjukepleiar
- Du søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetanse
- Du kommuniserer og samarbeider godt
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
- Du er fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.