Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
ledige stillinger i
butikkmedarbeider
16 år
klinisk ernæringsfysiolog
under 18 år
15 år
farmasøyt
psykisk helse
for ungdom
helsesekretær
Akershus
Vestland
Oslo
Skien
Sandnes
Rogaland
Møre og Romsdal
Haugesund
Troms

Stipendiat i snøprosessar i fjellet

Universitetet i Bergen
Vestland
2 dager siden

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Det er ledig ei stilling som stipendiat i snøprosessar i fjellet ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (t.d. undervisning ved instituttet).

Stillinga er knytt til Senter for fjell i endring, eit nytt tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse (TMF) og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Senteret for fjell i endring har som mål å forstå og møte konsekvensane av klima- og miljøendringar i fjellområde. Med hovudfokus på dei skandinaviske fjella, samlar senteret klimaforsking, økologi, hydrologi, geovitskap og samfunnsvitskap for å utforske korleis fjellsystem endrar seg – og korleis vi kan byggje motstandskraft for framtida. Fjell er sårbare for globale endringar. Auka temperaturar, smeltande isbrear, endringar i nedbør og snømønster, endra biologisk mangfald og aukande menneskeleg påverknad er i ferd med å forvandle desse landskapa. Senteret har som mål å utvikle banebrytande kunnskap og praktiske løysingar for å verne fjelløkosystem og lokalsamfunn som er avhengige av dei. Gjennom fire samankopla forskingstema – Trendar, Sesongvariasjon, Ekstremhendingar og Motstandskraft – undersøkjer senteret langsiktige miljøendringar, sesongdynamikk, ekstreme hendingar og strategiar for berekraftig forvaltning av fjellområde. Senteret samarbeider tett med interessentar, inkludert nasjonalparkar, lokalsamfunn og næringslivspartnarar, for å sikre at forskinga er relevant, handlingsretta og har verknad. Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon for Senteret for fjell i endring i samarbeid med NORCE, NMBU og andre nasjonale og internasjonale partnarar.

Ph.d.-prosjektet er retta mot å kvantifisere rolla snøfokk spelar for akkumulering og sublimering i fjellet. Simulering av snøfokk i lokale og regionale klimamodellar er dårleg kvantifisert, noko som fører til usikkerheit i estimat av massetap gjennom sublimering og omfordeling av snø. Ph.d.-kandidaten skal utvikle og gjennomføre ein feltkampanje med fokus på å observere korleis snøfokk påverkar sublimering og snøfordeling i nedbørsfelt og på regional skala. Gjennom ein kombinasjon av in situ- og fjernmålingsobservasjonar, samt bruk av klima- og snømodellar av varierande kompleksitet, skal kandidaten kvantifisere påverknaden av snøfokk på lokal og regional skala. Kandidaten vil lage simuleringar av massebalanse som støttar estimat av snøfordeling til bruk i vurderingar av biologisk mangfald og økosystem, samt i hydrologisk modellering og forvaltningsplanar for skianlegg og vasskraftverk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geofysikk, geofag eller atmosfærevitenskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører siste mastereksamen innan 01.01.2026. Det er eit krav for tilsetjing at mastergraden er oppnådd.
  • Kandidaten må ha god kunnskap om kryosfæriske prosessar.
  • Ferdigheiter i vitskapleg programmering og dataanalyse, til dømes i Python eller MATLAB, er eit krav.
  • Erfaring med å køyre snømodellar og/eller jordsystemmodellar er eit krav.
  • Erfaring med feltinstrumentering eller anna dokumentert erfaring med handtering av observasjonsdata er ein fordel.
  • Erfaring frå deltaking i lengre feltarbeid eller laboratoriekampanjar er ein fordel.
  • Erfaring med aktivitetar eller arbeid i kalde område er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk er påkravd.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side)
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Hans Christian Steen-Larsen, e-mail: [email protected], phone: +47 55582608

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand, e-mail: [email protected]

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.


Søknadsfrist

16. september 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Allegaten 70, 5007 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Ph.d.-stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk ved Matematisk institutt

Universitetet i Bergen
Vestland
  • Prosjektet er ein del av det NFR-finansierte prosjektet...
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande...
1 uke siden

Ph.d.- Stipendiat innan mikrobiell interaksjon i havbotnskorpa

Universitetet i Bergen
Vestland
  • Søkjarar må vere motivert for mobilitet og vere villige til...
  • Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av...
2 uker siden

Stipendiat i snøprosessar på kystnære iskapper

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.-Stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet

Universitetet i Bergen
Vestland
Det er ledig ei stilling som stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret...
2 dager siden

Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.-stipendiat i global endringsøkologi

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

PhD stipendiat

Helse Sør-Øst RHF
Innlandet
Sykehuset Innlandet (SI) har et strategisk mål om være et ledende innovasjonssykehus med gode og integrerte forskningsmiljøer Vi...
3 dager siden

Stipendiat Phd

Oslo universitetssykehus
Oslo
  • Forskning på data fra REMNANT-studien, hvor mye av dataene...
  • Personlig egnethet, initiativ og evne til å sette seg inn i...
3 uker siden

CICERO har ledig PhD-stipendiat om iverksetting av EU-politikk for energiomstilling

DeepOcean
Oslo
Vi har en ledig stilling som PhD-stipendiat innenfor statsvitenskap om temaet iverksetting av EU-politikk for energiomstilling....
3 uker siden