Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
offshore
under 18 år
helse og omsorg
16 år
fysioterapeut
bpa
ledige stillinger i
butikkmedarbeider
ledige stillinger renhold
for ungdom
Akershus
Vestland
Oslo
Troms
Sarpsborg
Finnmark
Sandnes
Trondheim
Vestfold
Apply

Vi søkjer ein engasjert helsesekretær – bli med på ein spanande kvardag i akuttmottaket

Helse Fonna
Haugesund
Full time
2 uker siden

Om stillinga

Felles Akuttmottak i Haugesund er ein spennande og variert arbeidsplass, der dagane sjeldan er like. Vi har høg aktivitet og eit sterkt fagmiljø, og du vil raskt merke at her er det både profesjonalitet og eit ekte engasjement for pasientane – og for kvarandre.

Kvart år tek vi imot om lag 20 000 pasientar frå alle fagfelt, inkludert barn. Du blir ein del av eit dedikert og triveleg team med fem sekretærar, tre faste legar og rundt 70 dyktige sjukepleiarar. Her er det høgt fokus på trivsel, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø.

Vi har no ledig ei stilling som helsesekretær i turnus med oppstart etter sommaren. Arbeidstida er fordelt på dag- og kveldsvakter, samt kvar tredje helg.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
01.07.2025
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Helsesekretær
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4985829706
Del på X
Del på Facebook

Kva går jobben ut på?

  • Du vil ha ein del resepsjonsarbeid og ta imot, samt registrere pasientane som kjem
  • Bidra til pasientflyt i akuttmottaket
  • Du vil vere med på å ta blodprøvar av pasientene
  • Hjelper til med det som trengst for å få ting til å gå rundt

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsesekretær
  • Du må ha grunnleggjande kunnskap om klinisk vurdering av pasientar, du må kunne sjå og agere når nokon treng hjelp raskt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Ønskeleg med erfaring i IKT-systemene DIPS, MEONA, NIMES, IMATIS, LIBRA
  • Ønskeleg med erfaring i blodprøvetaking. Kurs og opplæring vil bli gitt i tillegg

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har evne til å halde roen i stressande situasjoner
  • er eit positivt første møte for pasientane
  • har gode kommunikasjonsevner
  • likar å arbeide sjølvstendig, samtidig som du er ein god teamarbeidar
  • er ansvarleg og løysningsorientert
  • trivst med endringar, her utviklar vi oss konstant

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø
  • Ein spanande arbeidsplass i utvikling
  • Fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge



Kontaktinformasjon

Torstein Dankel Stavenjord
Funksjonsleiar
Telefon: 98441038
Annelin Voraa Steinsnes
Avdelingsleder
Telefon: +47 91191012

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

Save Apply
Report job
Other Job Recommendations:

Vi søkjer engasjert og dyktig assistent til vår montessoribarnehage

DeepOcean
Buskerud
Til hausten er vi 14 store barn og 7 på småbarn, vi søkjer i dette høvet etter fagarbeidar/assistent Barnehagen ligg i eit område...
3 uker siden

Vi søkjer helsefagarbeidar!

Helse Fonna
Region Midtjylland
  • Assistere terapeutar ved forflytting og trening der ein...
  • Bidra til orden og system for forflyttingshjelpemiddel og...
2 uker siden

Vi søkjer kokk med hjerte for enkel mat-og blikk for muligheter!

DeepOcean
Vestland
Vi er eit hotell med 76 rom og restaurant med plass til ca 90 gjester samt selskaps-og møtelokaler Frå 01.07 går vi over til å bli...
4 uker siden

Helsesekretær/sekretær

Akershus Universitetssykehus
Akershus
  • I tillegg vil du inngå i teamet som sekretær i...
  • Vi ser etter deg som: Har gyldig norsk autorisasjon som...
2 uker siden

Helsesekretær/ Sekretær

Helse Møre og Romsdal
Ålesund
Som helsesekretær/sekretær hos oss vil du jobbe i eit team med ulik alder og samarbeide med fleire ulike faggrupper. Om du set...
2 uker siden