Om stillinga
Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpe pasientar med å gjenvinne funksjon og meistre eige liv og kvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Terapeuteining Stord ved Avdeling for rehabilitering på Stord sjukehus har ledig vikariat for helsefagarbeidar. Vi lyser ut 100 % stilling, men det kan også vere aktuelt å tilby deltidsstilling dersom søkjar ønsker det.
Terapeuteininga består av ergoterapeutar, fysioterapeutar, helsefagarbeidar, logopedar, sosionom og testteknikar.
Du vil vere en del av det tverrfaglege teamet og bidra i pasientbehandling saman med terapeutane ved akuttpostane ved Stord sjukehus. I tillegg har du ansvar for ein del praktiske oppgåver i eininga. Det er med andre ord svært varierte og spanande oppgåver ein får ta del i.
Stord kan by på koseleg småbyatmosfære, rikt idretts- og kulturliv og flott natur tett på sjø og fjell.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi tar godt imot nye medarbeidarar. Velkommen til å søkje på stilling hos oss!
Nøkkelinformasjon
Kva går jobben ut på?
- Assistere terapeutar ved forflytting og trening der ein treng å vere fleire for å hjelpe pasienten
- Følge opp pasient ved gjennomføring av treningsprogram/ behandlingstiltak som er sett i gong av terapeut
- Bassengvakt
- Varebestilling
- Bidra til orden og system for forflyttingshjelpemiddel og trykkavalstande sitjeputer
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Personar som har erfaring med pasientar og rehabilitering kan også bli vurdert for stillinga.
- Fordel med erfaring frå sjukehus/ spesialisthelsetenesta eller erfaring med rehabilitering
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Vi søkjer ein person som
- er motivert og har interesse for å jobbe med mennesker
- kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- har god sans for orden og system
- gode kommunikasjonsevner
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande jobb
- Arbeid i lag med dyktige medarbeidarar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Adresse: Tysevegen 64, 5416 STORD, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.