Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Fedje - Sævrøy, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Fedjebjørn.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid!
-
Fleksibel skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Reisekostnader til/frå arbeid blir dekka.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!
23.06.2025
Fjord1 AS
Matros i sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn
1
Heiltid
Fast
100
4982124267
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
-
Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
-
Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
-
Oppgåver knytt til alarminstruks
-
Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat HMOB
-
Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar; som muligheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar.
- Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på, og 2 veker av.
- Reisekostnader til/frå arbeid blir dekka.
Fv568 220
5943 Austrheim
Norge
Kontaktinformasjon
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.