Falkhytten, 6480 Aukra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest torsdag 4. september
Aukra Omsorgssenter ønskjer helsefagarbeidar med fagbrev i 100 % fast stilling
Institusjonen har 30 plassar totalt fordelt på 24 langtidsplassar og 6 korttidsplassar. Eininga har skjerma avdeling og palliasjonsavdeling. I omsorgssenteret finn ein i tillegg;
Base for heimesjukepleie
Hjelpemiddelansvarleg
20 omsorgsbustadar med heildøgns omsorg
Legevaktsatelitt
Dagsenter
Fotpleie
Frisør
Ein legg opp til eit tett samarbeid mellom einingar og avdelingar i helse og omsorg, og ein forventar at kompetanse kan nyttast på tvers av einingane. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel på dette.
Einingane har fokus på personorientert omsorg og eigenmeistring. Bebuarane skal vere ein aktiv part, og sjølv få definere kva som er viktig for seg.
Arbeidstid/turnus
Pleie og omsorg har som målsetting å ha ein arbeidsgjevarpolitikk som legg til rette for heiltidskultur for tilsette. Målet er å ha god kompetanse tilgjengeleg til ei kvar tid. Stillinga er plassert i turnus med 35,5 t veke.
Krav til søkjarar
- Fleksibel og dyktig helsefagarbeidar som vil vere med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre innbyggjarar.
- Helsefagarbeidar som bidreg til utvikling, slik at tenestene våre samsvarar med samfunnsutviklinga elles
- Helsefagarbeidar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga, og velferdsteknologi er ei innarbeid del av tenestetilbodet
- Helsefagarbeidar som tek brukarmedverknad, god kommunikasjon og samhandling på alvor
- Helsefagarbeidar som har brukar- og oppgåvefokus
- God datakunnskap er ein føresetnad for god dokumentasjon i arbeidet som helsefagarbeidar
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Personleg eigna for stillinga
- Politiattest
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Godt arbeidsmiljø som du er med på å skape
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter HTV
Kommunale tilsettingsvilkår
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning Jfr. Kompetanseplan
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Nina Tomren (einingsleiar)
+47 90602621
nina.tomren@aukra.kommune.no
Om bedriften
Aukra Omsorgssenter er nytt og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og korttidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustader. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
d99dee27-ef4c-41f0-a5ad-2063042b4d0d
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3535185_191795_nn