Dagleg leiar Ressurssenter for demensramma

DeepOcean
Vestland
Full time
3 uker siden
Kinn kommune

Gate 1 64, 6700 Måløy, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Dagleg leiar Ressurssenter for demensramma

Oppstart

19. august 2025

Type ansettelse

Vikariat, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest torsdag 26. juni

Måløy Heimeteneste og dagsenter har frå 20.8.2025 ledig eit vikariat som dagleg leiar ved Ressurssenter for demensramma. Stillinga er ledig fram til februar 2027.

Ressurssenteret er lokalisert i Vågsøy Omsorgssenter og er Måløy-delen av Kinn kommune sitt dagtilbod for heimebuande personar med demenssjukdom. Tiltaket har som målsetnad å bidra til ein inkluderande og meiningsfull kvardag for den enkelte, samt å gje naudsynt avlastning for pårørande. Ein legg vekt på å styrke både fysiske og kognitive ressursar hos den enkelte brukar for å auke moglegheita for å bu lengst mogleg i eigen heim.
Det vert heile tida arbeidd for å tilpasse innhald og struktur etter den brukargruppa ein til ei kvar tid har. På den måten er tenesta heile tida under utvikling, og no har du moglegheit til å leie denne utviklinga i samarbeid med dyktige og dedikerte medarbeidarar. Fordelinga av stillinga har vore ein dag med kontor og dei andre arbeidsdagane i miljøet. Noko administrative oppgåver må påreknast òg utanom kontordagen.

Arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag vil vere ein fordel.

Erfaring innan demens og/eller leiing vert vektlagt, samt personlege eigenskapar.

Personlege eigenskapar

Arbeidet krev at du har evne til å kunne arbeide systematisk og strukturert, samstundes som du må ha evne til å omstille deg ved uforutsette hendingar. Gode samarbeidsevner vil vere ein fordel. At du kan møte menneske i ulike sinnsstemningar på ein god måte, samt har eit framheva ønskje om å bidra til å sikre eit godt tilbod for brukargruppa verdsettast.

Vi tilbyr

Kompetanse lønnsstige
Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
Intern opplæring og fagøkter
Fokus på etisk refleksjon

Kontaktinformasjon

Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy heimeteneste og ressurssenter, +47 41922879

Arbeidsstad

Gate 1 64
6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4982120818
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 20.08.2025
Søknadsfrist: 26.06.2025

Kontaktperson for stillingen

Rakel Garnes

Tenesteleiar Måløy heimeteneste og ressurssenter

+47 41922879

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Sektor

Offentlig

Nettsted

http://www.kinn.kommune.no

Annonsedata

Hentet fra

talentech

Referanse

d5a54996d1ec463499d521076a77e16f
Apply
Other Job Recommendations:

SFO-leiar Hjelmeland skule 50 % fast

DeepOcean
Buskerud
  • har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og...
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner...
3 uker siden

Vi søker ny leiar for Eining for innvandring og integrering

DeepOcean
Buskerud
Eining for innvandring og integrering har ansvar for etablering og kvalifisering av flyktningar som blir busette i kommunen,...
3 uker siden

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Sunnfjord kommune
Vestland
Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her! Til dette treng vi fleire med på laget. 30 %...
4 uker siden

Pedagogisk leiar i Kjølsdalen Montessoribarnehage

DeepOcean
Vestland
Barnehagen er i vekst og vi ser etter ein dyktig pedagogisk leiar Vi ser etter deg som ønsker utvikling, å bli kjent med...
4 uker siden