Ramsbu 11, 4130 Hjelmeland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest fredag 18. juli
Har du lyst til å bli ein del av leiarteamet ved skulen vår?
Hjelmeland skule har omlag 200 elevar og 50 tilsette på 1.-10. trinn. Barneskulen og ungdomsskulen er delt i to bygg. Skulen ligg sentralt til på Hjelmeland, rett ved sentralidrettsanlegget, idrettshallen og flotte turområde.
Me treng SFO leiar i 50 % fast stilling.
Me søkjer etter deg som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg leiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap
- erfaring med arbeid i SFO
- erfaring som leiar
- 3-årig høgskuleutdanning eller fagarbeidar
- munnlege og skriftlege norskferdigheiter vil bli vektlagt
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon- og forskringsordningar etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Harald Ommundsen
90678806
Harald.Ommundsen@hjelmeland.kommune.no
Om bedriften
Hjelmeland skule held til i to bygningar innanfor kort gåavstand: barneskulen – som òg husar SFO – og ungdomsskulen. På ungdomsskulen er det òg eitt symjebasseng som måler 10×12,5 meter. Idrettshallen ligg òg innanfor området, og blir brukt til kroppsøving for både ungdomsskulen og barneskulen. Skulen har elles eit stort og flott utearel, med mellom anna basketballbane, grusbane, ballbinge og sandvolleyballbane.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3512121_203787_nn