Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord
DeepOcean
Møre og Romsdal
Full time
2 dager siden
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6200 Stranda, 6212 Liabygda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 11. august
Bli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – og ta del i framtida for maritim teknologi!
Vil du jobbe med den nyaste grøn teknologi og vere ein del av eit selskap som leiar an i den maritime overgangen til utsleppsfri drift? Fjord1 er verdsleiande innan det grøne skiftet, og no har du sjansen til å bli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – ei toppmoderne el-ferje på sambandet Stranda – Liabygda. Her får du ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av eit fartøy som representerer framtida innan ferjetransport.
Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av, døgnskift.
Du bør bo lokalt, men hybel er tilgjengeleg i Eidsdal for dei som ønskjer det.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
Som maskinsjef vil du ha hovudansvaret for den tekniske drifta av ferja.
Dette inkluderer:
Sikre at alt teknisk utstyr fungerer i samsvar med gjeldande krav.
Vedlikehald av maskineri og system gjennom AMOS vedlikehaldssystem.
Oppfylging av sikkerheitsstyringssystemet i samarbeid med skipsførar.
Opplæring og oppfølging av mannskap under din leiing.
Overvaking av brennolje-, smøreolje- og ferskvatnforbruk.
Budsjettering og bestilling av reservedelar.
Er dette deg?
Du trivst med ansvar og tekniske utfordringar, og likar å jobbe i eit miljø der samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til suksess. Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og tek initiativ når det trengst. Med godt humør og ei positiv innstilling bidrar du til eit godt arbeidsmiljø og trivsel om bord. I tillegg brenn du for å vere med på den grøne utviklinga i maritim sektor og jobbe med moderne teknologi.
M3-sertifikat (minimumskrav)
Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandteringskurs
Gyldig helseerklæring
Kva kan vi tilby?
Eit solid fagmiljø med gode kollegaer og moglegheit for vidare utvikling
Gode velferdsordningar: Tilgang til firmahytter, gode pensjons- og forsikringsordningar
Hybel i Eidsdal tilgjengeleg for frivakter dersom du ikkje bur lokalt.
Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift
Interessert? Send inn søknaden din i dag og bli ein del av den fine gjengen på MF Sunnylvsfjord – vi ser fram til å høyre frå deg!
Referansenr.: 4996799624
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Thea Eliassen
Rekrutteringsmedarbeidar
thea.eliassen@fjord1.no
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.