Seniorkonsulent i Holbergprisens sekretariat

Universitetet i Bergen
Vestland
Full time
3 dager siden

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Seniorkonsulent

Velkommen som søkjar til ei 100% fast stilling som seniorkonsulent i Holbergprisens sekretariat.

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen. Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og er formelt underlagt Universitetsdirektørens kontor. Sekretariatet består i dag av fem administrative og ei fagleg stilling.

Stillinga som seniorkonsulent er knytt til Holbergprisen i skolen (HiS), som er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. Målet for konkurransen er å fremje ungdom si interesse for humaniora og samfunnsvitskapane. Som deltakarar gjennomfører elevane eigne forskingsarbeid med støtte frå sekretariatet og etablerte forskarar. Dei lærer seg fagkunnskap, metodikk og kritisk og etisk refleksjon. Om lag 20 skular og 1000 elevar frå heile landet deltek årleg.

Vi søkjer ein person som er engasjert i undervisning, utdanningspolitikk og forskingsarbeid. Du vil vera med å vidareutvikle og styrkje arbeidet med HiS. Som seniorkonsulent vil du besøke og følgje opp elevar og lærarar gjennom forskingsprosessen. Ein sentral del av arbeidet vil vere planlegging og gjennomføring av arrangement. Stillinga vil òg involvere formidlingsarbeid, og du må difor ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter, både på engelsk og norsk. Stillinga vil arbeide tett samarbeid med kollegaer i Holbergprisen.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevar og lærarar som deltek i prosjektet, inkludert besøk til deltakarskular i heile landet.
  • Arbeid med formidling og informasjon overfor dei vidaregåande skulane, fylkeskommunene, andre samarbeidspartar og eit ålment publikum.
  • Produsere innhald til nettstaden holbergprisen.no, sosiale medium, og anna tekstarbeid knytt til HiS.
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement knytt til både HiS og annan aktivitet knytt til verksemda ved sekretariatet.
  • Enkel økonomisk oppfølging av aktiviteten til Holbergprisen i skolen.
  • Ta del i andre administrative oppgåver i sekretariatet si daglege drift, til dømes bestillingar og utbetaling av honorar, samt å bidra til andre aktivitetar i sekretariatet.
  • Noko reiseaktivitet må ein rekne med.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne, både på norsk (begge målformar) og engelsk.
  • Erfaring frå vidaregåande skule er ynskjeleg, gjerne innan humanistiske og samfunnsvitskaplege fag.
  • Erfaring frå koordinering og planlegging av arrangement er naudsynt.
  • God digital kompetanse og erfaring med nettpublisering.
  • Evne til å ta initiativ, vere fleksibel, vere vand med å handtere mange oppgåver samstundes, kunne arbeide raskt, nøyaktig og sjølvstendig, og vere ein god lagspelar i ein liten organisasjon.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn frå kr. 590 000 - 650 000 etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Administrativ leiar for Holbergprisens sekretariat, Ingrid Ovidia Telle, tlf. 415 14 781/ e-post ingrid.o.telle@uib.no, eller fagleg leiar Bjørn Enge Bertelsen, tlf. 411 03 883 / e-post bjorn.bertelsen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.


Søknadsfrist

7. september 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Fastings Minde, Haakon Sheteligs plass 11, 5015 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Apply
Other Job Recommendations:

Arkivfagleg seniorkonsulent eller rådgjevar

DeepOcean
Rogaland
Me ser etter ein saksbehandlar (seniorkonsulent eller rådgjevar) til avdeling Brukerbetjening og du har moglegheit for å bli med...
1 uke siden

Førstekonsulent/seniorkonsulent lønn- og regnskap

DeepOcean
Oslo
Vil du jobbe med lønn og regnskap i en virksomhet med et kritisk samfunnsoppdrag? Den nyetablerte seksjonen for økonomi og HR har...
1 uke siden

Seniorkonsulent

Det Norske Forsvaret
Troms
  • Være kontorets koordinator for ivaretakelse av HR- og...
  • Være kontorets pådriver for utvikling av HR- og...
3 dager siden

Multitekniker

DeepOcean
Troms
Er du en allsidig tekniker med erfaring innen rigging, lys, lyd og sceneteknikk? Ønsker du å være en del av et dynamisk team som...
6 dager siden

Spesialfysioterapeut

St. Olavs Hospital
Trøndelag
  • Undersøke og behandle polikliniske pasienter med langvarig...
  • Vi søker en person som kan arbeide i et tverrfaglig miljø,...
3 dager siden

Butikksjef Bik Bok Stavanger, Madlatorget - vikariat

Bik Bok
Rogaland
Drømmer du om å drive egen butikk og lede ditt eget team? Spennende mulighet for deg som drives av salg, kundebehandling og...
6 dager siden

Barnevernsmedarbeider

Storfjord kommune
Troms
  • Avklaring og saksbehandling etter Lov om barnevern, herunder...
  • Erfaring fra arbeid med barn, unge og familier er en fordel...
6 dager siden

Salgsansvarlig JACK & JONES

Jack & Jones
Oslo
Har du erfaring med salg og trives med å bygge gode kunderelasjoner? JACK & JONES ser etter en Salgsansvarlig som vil ta...
3 dager siden

Kompetansemegler og forretningsutvikler

DeepOcean
Vestfold
Universitetet i Sørøst-Norge (USN) søker en dyktig og erfaren kompetansemegler og forretningsutvikler for å styrke samarbeidet med...
6 dager siden

MENY Wilbergjordet søker tilkallingshjelp i kasse- og kolonialavdeling

Meny
Norge
I MENY elsker vi mat! For oss er god mat en lidenskap, og noe av det viktigste som finnes Å være en MATarbeider i MENY betyr at du...
6 dager siden