Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me ynskjer oss vikarar som er tydelege, inkluderande og har ein autoritativ arbeidsstil, med hjarte for opgåvene. Ved vår skule vil du få høve til å utvikle deg både i klasserommet og i fagfellesskapet med andre pedagogar og fagarbeidarar.
Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hos oss i korte og lengre oppdrag skuleåret 2025-2026.
Dette er ei open utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Tilkallingsvikarar for kortare og lengre fråver
Undervisning på 1.-10. trinn og vaksenopplæring
Aktivt bidra til å byggje laget kring elevane
Delta på relevante møte
Delta på skulens utviklingsarbeid
Assistent på SFO i skuletida og i feriar
Andre relevante oppgåver, som td. inspeksjon
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning med undervisningskompetanse
PPU (Praktisk-pedagogisk utdanning)
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsefagarbeidar, eller andre sosialfaglege utdanningar er relevant
Anna relevant kompetanse kan vere aktuell
Erfaring frå grunnskule og VO er ein fordel
Kunnskap om Fagfornyinga
Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform
Interesse og kunnskap om Gaming er eit ynskje
Interesse for å bruke naturen som klasserom
Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar
Du har eit positivt elev- og menneskesyn
Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
For lærarvikarar må du planleggje og gjennomføre undervisning
Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
Du likar å lære nye oppgåver
Personlege eigenskaper blir vektlagd
Me tilbyr
Ein skule som er kjend for eit godt arbeidsmiljø, høg kompetanse og stort engasjement
God forsikrings- og pensjonsordning
Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Tilsetting er betinga av godkjend politiattest.
Om bedriften
Vinje kommune er den største kommunen i Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er opptatt av samskaping og samarbeid på tvers av einingar.
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.