Search suggestions:

ledige stillinger
sommerjobb
deltid
internship
ledige stillinger i
16 år
normal
under 18 år
for ungdom
butikkmedarbeider
spesialpedagog
uten utdanning
ingeniør
Akershus
Vestland
Oslo
Skien
Sandnes
Rogaland
Møre og Romsdal
Haugesund
Troms

Ph.d.-stipendiat i anvendt økologi

Universitetet i Bergen
Vestland
2 dager siden

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Det er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt økologived Institutt for biovitskap (BIO) og Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med moglegheit for eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for fjell i endring, eit nytt tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen finansiert av Trond Mohn forskingsstiftelse (TMF) og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Senter for fjell i endring har som mål å forstå og møte konsekvensane av klima- og miljøendringar i fjellområde. Med hovudfokus på dei skandinaviske fjella, samlar senteret klimaforsking, økologi, hydrologi, geovitskap og samfunnsvitskap for å utforske korleis fjellsystem endrar seg – og korleis vi kan byggje motstandskraft for framtida. Fjell er sårbare for globale endringar. Auka temperaturar, smeltande isbrear, endringar i nedbør og snømønster, endra biologisk mangfald og aukande menneskeleg påverknad er i ferd med å forvandle desse landskapa. Senteret har som mål å utvikle banebrytande kunnskap og praktiske løysingar for å verne fjelløkosystem og lokalsamfunn som er avhengige av dei. Gjennom fire samankopla forskingstema – Trendar, Sesongvariasjon, Ekstremhendingar og Motstandskraft – undersøkjer senteret langsiktige miljøendringar, sesongdynamikk, ekstreme hendingar og strategiar for berekraftig forvaltning av fjellområde. Senteret samarbeider tett med interessentar, inkludert nasjonalparkar, lokalsamfunn og næringslivspartnarar, for å sikre at forskinga er relevant, handlingsretta og har verknad. Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon for Senter for fjell i endring i samarbeid med NORCE, NMBU og andre nasjonale og internasjonale partnarar.

Dette ph.d.-prosjektet skal undersøkje korleis verdioppfatningar og synet på fjell endrar seg i møte med skiftande miljøtilhøve og mellom ulike brukar- og interessentgrupper. Etter kvart som fjellområde endrar seg – ofte inn i nye og uutforska tilstandar som følgje av klimaendringar og menneskeleg påverknad – aukar behovet for å forstå korleis desse prosessane påverkar måten folk oppfattar og verdset fjellandskap på. Klima- og arealbruksendringar påverkar typisk beitebruk, skogbruk, friluftsliv, energiproduksjon og turisme, noko som igjen påverkar naturressursar, kulturmiljø og samfunnsutvikling. Dette skaper komplekse, dynamiske og samanhengande system som stadig er i endring. Aktørar innan lokal forvaltning, næringsliv og samfunnsliv spelar ei viktig rolle i desse omstillingsprosessane. Ved å identifisere, dokumentere, kartleggje og dele gode døme, innovasjonar og vellukka omstillingsstrategiar, bidreg dei til å skape handlingsretta kunnskap og utvikle ein plattform for langvarig samarbeid og kommunikasjon. Vi nyttar eit berekraftsvitskapleg perspektiv – eit problemdrive fagfelt som fokuserer på menneska sine levde erfaringar og deira samspel med miljøet – for å utvikle handlingsretta kunnskap for ei berekraftig utvikling i fjellområde.

Ph.d.-stipendiaten skal undersøkje korleis ulike interessentar og brukargrupper verdset og oppfattar fjell, og korleis ein kan styrkje motstandskraft i periodar med rask endring som påverkar både fjella og dei samfunn som lever i og brukar dei. Til sist skal stipendiaten utforske korleis fjellsamfunn og forvaltningsstrategiar i Skandinavia kan styrkje motstandskraft gjennom nye praksisar som speglar endra oppfatningar av fjellandskap. Stipendiaten vil gjennomføre spørjeundersøkingar, fokusgrupper, framtidsverkstadar og analysar i samarbeid med senteret sitt tverrfaglege team innan geologi, økologi, geografi og samfunnsvitskap. Forsking er eit lagarbeid, og alle deltakarar må vere villige til å bidra i felles feltarbeid, metaanalysar, analytisk arbeid, søknadsskriving og faglege diskusjonar, i tillegg til å støtte kollegaer og arbeide med sine eigne forskingsprosjekt. Ph.d.-stipendiaten vil òg samarbeide tett med dei andre stipendiatane i senteret.

Ph.d.-stipendiaten skal:

  • Utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytt til sosial-økologiske system og berekraftig utvikling i fjellområde
  • Utforske og integrere tverrfaglege og transdisiplinære tilnærmingar basert på samskaping og medverknad frå interessentar for å styrkje sosial-økologisk motstandskraft i fjellregionar
  • Utforme spørjeundersøkingar, kartleggje og organisere brukar- og interessentbaserte fokusgrupper i utvalde fjellområde
  • Medverke til å utforme framtidsscenario for utvalde fjellregionar ved bruk av rammeverket Seeds of Good Anthropocenes for å utforske moglegheiter, truslar og løysingar for berekraftig fjellutvikling
  • Analysere data, skrive og publisere vitskaplege artiklar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan økologi, berekraftsvitskap, geografi eller andre relevante fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 01.01.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha dokumentert bakgrunn som gir god forståing av økologi, sosial-økologiske system, motstandskraftstenking, naturressursforvaltning og FNs berekraftsmål.
  • Erfaring med feltarbeid er eit krav.
  • Relevant bakgrunn i statistikk og/eller programmering/kartlegging er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i kritisk tenking og vitskapleg skriving.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, ha gode kommunikasjonsevner og trivast både med feltarbeid og samarbeid, då kandidaten vil vere del av eit integrert team.
  • Erfaring frå tverrfaglege, transdisiplinære eller medverknadsbaserte prosjekt – til dømes innan medborgarforsking – er ein fordel.
  • Søkjarar må meistre engelsk munnleg og skriftleg, på eit nivå som held publiseringsstandard. Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel i kommunikasjon med prosjektpartnarar og interessentar.
  • Søkjarar må vise evne og motivasjon til å arbeide i eit interkulturelt og tverrfagleg miljø.
  • Førarkort gyldig i Noreg er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på, særleg under intervjuet. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Forsking er eit lagarbeid, og alle medlemmene må vere budde på å bidra til felles oppgåver som feltarbeid, metaanalysar, analytisk arbeid, søknadsskriving og diskusjonar, og hjelpe andre med liknande oppgåver i tillegg til å arbeide med eigne forskingsprosjekt.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side)
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Inger Elisabeth Måren, Institutt for biovitenskap, e-post: [email protected] / +47 412 85 126, eller avdelingsleiar Klima, Norce, Øyvind Paasche, e-post: [email protected] / +47 930 48 919.

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Magnus Larsen, [email protected].

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.

Spørsmål om stillinga

Inger Elisabeth Måren

Professor

+47 412 85 126

[email protected]


Søknadsfrist

16. september 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Thormøhlens gate 53 A, 5006 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Apply
Save
Report job
Other Job Recommendations:

Stipendiat i snøprosessar på kystnære iskapper

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.-stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk ved Matematisk institutt

Universitetet i Bergen
Vestland
  • Prosjektet er ein del av det NFR-finansierte prosjektet...
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande...
1 uke siden

Stipendiat i snøprosessar i fjellet

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.- Stipendiat innan mikrobiell interaksjon i havbotnskorpa

Universitetet i Bergen
Vestland
  • Søkjarar må vere motivert for mobilitet og vere villige til...
  • Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av...
2 uker siden

Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.-stipendiat i global endringsøkologi

Universitetet i Bergen
Vestland
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap,...
2 dager siden

Ph.d.-Stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet

Universitetet i Bergen
Vestland
Det er ledig ei stilling som stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret...
2 dager siden

Stipendiat Phd

Oslo universitetssykehus
Oslo
  • Forskning på data fra REMNANT-studien, hvor mye av dataene...
  • Personlig egnethet, initiativ og evne til å sette seg inn i...
3 uker siden

CICERO har ledig PhD-stipendiat om iverksetting av EU-politikk for energiomstilling

DeepOcean
Oslo
Vi har en ledig stilling som PhD-stipendiat innenfor statsvitenskap om temaet iverksetting av EU-politikk for energiomstilling....
3 uker siden